Lene Trude Solheim foto Næringsforeningen
UROA: Administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen er uroa over at etableringa av det nye eksportkontoret i Ålesund har tatt lang tid. Foto: Næringsforeningen Ålesundregionen
Nytt

– Bekymra over at det har teke så lang tid

Leiaren av næringsforeninga i Ålesund har etterlyst svar om korleis det går med etableringa av nytt eksportkontor i Ålesund.

Marius Rosbach
09.03.2022

Torsdag skal næringsminister Jan Christian Vestre legge fram regjeringas eksportreform med fleire nye tiltak. Då kjem truleg også svaret på kva som skjer med Eksportstrategirådet i Ålesund.

Tre veker etter at den midlertidige sjefen for kontoret etterlyste styringssignal frå statsministeren - og NETT NO spurte kva regjeringa gjer med etableringa av kontoret - viser næringsdepartementet til torsdagens pressekonferanse.

Skulle vore i drift i fjor
Blant næringslivet på Nordvestlandet har det vore i aukande uro over at etableringa har trekt ut i tid.

Etter planen skulle kontoret vere i drift frå i fjor haust. Eit halvt år etter, er det framleis ikkje annonsert tilsetting av permanent leiar for kontoret.

– Vi er bekymra over at det har teke så lang tid og har bedt politikarane på Mørebenken følgje opp saka, fortel administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen til NETT NO.

Ikkje fått svar på skriftleg spørsmål
Heller ikkje Stortingsrepresentant Helge Orten (H) har fått svar på eit skriftleg spørsmål om saka til næringsministeren i Stortinget.

I spørsmålet levert 2. mars viser Orten til at han har fått bekymringsmeldingar for om prosessen har «den nødvendige prioritet og framdrift». Han skriv at rådet er tiltenkt ei viktig rolle i norsk eksportarbeid – og lagt til Ålesund som ein av landets fremste eksportregionar.

– Det er viktig at det kjem på plass ein organisasjon så raskt som mogleg slik at rådet kan starte sitt arbeid og bli ein ressurs i utviklinga av norsk eksport, skriv Orten vidare.

– Meir på næringslivet sine premiss
Ideen med eit eksportkontor i Ålesund var Solberg-regjeringa sitt prosjekt og kom etter fleire års arbeid med ny eksportstrategi.

Eininga blei først kalla «Business of Norway», men då næringsminister Iselin Nybø lanserte tiltaket i Brosundet, var namnet endra til Eksportstrategirådet.

Lene Trude Solheim i næringsforeninga var mellom dei som sa seg nøgd med at Ålesund skulle få det nye kontoret, etter at det blei klart at byen tapt kampen om dei statlege arbeidsplassane i tidlegare GIEK/Eksportkreditt.

– Intensjonen med Eksportstrategirådet var at kontoret skulle vere eit overordna strategisk organ der ein skulle sjå på heile verkemiddelapparatet, og skapa noko som var meir på næringslivet sine premiss, påpeiker ho.

Publisert: 09.03.2022 16:29

Sist oppdatert: 09.03.2022 16:35

Mer om