Ber obligasjonlångivarane om meir tid
Selskapet som leverer terminalar til legekontor landet rundt, slit med milliardgjeld.
Convene Holding eig Convene, tidlegare Melin Medical, med hovudkontoradresse på Sandane.
No slit selskapet med to børsnoterte obligasjonslån, på tilsaman 1,35 milliardar kroner, og forhandlar med långivarane for å finne ei løysing.
Onsdag melder selskapet at det ikkje greier å betale attende dei eine lånet, på 350 millionar kroner, innan fristen 30. januar og ber långivarane å utsette fristen til 1. juli i år.
Långivarane har frist til ut 30. januar med å svare på om dei godtek å utsette tilbakebetalingsfristen.
Lønsam drift, dyr gjeld
Convene levere betalingsterminalar og handterer betalingskrav for legekontor landet rundt.
Driftselskapet leverer solide resultat og har gått med overskot kvart år sidan starten, men milliardgjelda gjer at eigarselskapet Convene Holding vaklar.
Forhandlar om milliardlån
Det andre obligasjonslånet er på ein milliard kroner.
Convene Holding er eigd av selskapet Convene Invest, som i november 2022 inngjekk ein sal/tilbakekjøpsavtale for aksjane sine i Convene Holding.
Avtalen inneber at stiftinga Refectio har kontrollen over aksjane i Convene Holding medan det blir forhandla om ei refinansiering av milliardlånet. Refectio er ei stifting oppretta av Nordic Trustee - som forvaltar interessene til långivarane i obligasjonsmarknaden - for å vere eit reiskap for å handtere situasjonar som denne.
Lånte for å kjøpe
Største aksjonær i Convene Invest er Codee Holding, selskapet til Convene-grunnleggar Jesper Melin Ganc-Petersen.
Han klekte ut ideen til Melin Medical medan har var fastlege på Sandane.
Milliardgjelda, som no er problemet, skriv seg frå 2017.
I 2017 selde Ganc-Petersen og dei andre Melin Medical-eigarane selskapet til eit nytt lånefinansiert selskap i ein transaksjon som verdsette selskapet til 1,7 milliardar kroner.
600 millionar vart skote inn i det nye selskapet, medan resten gjekk til eigarane. Det frigjorde over ein milliard kroner, samstundes som fleirtalet av dei opphavlege eigarane vart med vidare, skreiv Dagens Næringsliv i 2017.
Publisert: 25.01.2023 12:19
Sist oppdatert: 25.01.2023 15:37