Vestlandsforskning bitcoin IKKE GJENBRUK 11
FORSKAR SER FORDELAR: Bitcoin er den mest kjende typen kryptovalutaen. Forskar Svein Ølnes meiner bitcoin-graving kan vere ein del av løysinga på energikrisa. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPKSvein Ølnes opplyser at han sjølv har investert i bitcoin.
Nytt

Bitcoin kan vere ein del av løysinga på energikrisa

Vestlandsforsking ser fordelar ved kryptovaluta.

NPK
04.06.2022

(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Bitcoin-graving er ikkje bortkasta energibruk og kan vere med på å løyse energikrisa, ifølgje forskar ved Vestlandsforsking.

I ei tid då debatten om straumprisar og internasjonale kraftkablar er heitare enn nokon gong, går stadig meir av straumen i verda med til å produsere kryptovaluta og kryptokunst.

Kryptovaluta har dei siste åra vakse enormt, og stadig nye typar kjem til. Fleire stadar kan ein lese at det krevst enorme mengder energi for å drive med «graving» av kryptovaluta og bitcoin.

På Vestlandsforsking har ein konkludert med at det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mykje energi det krevst.

– Vi veit ganske mykje om bitcoin-graving og energibruken i samband med det. Vanskegrada som avgjer kor mykje energi som blir sett inn, er skriven i kvar einaste bitcoin-blokk, så den kan lesast av blokkjeda. Det vi ikkje veit så mykje om, er kva slags maskiner som er i bruk rundt omkring. Det blir stadig vekk betre maskiner, og vi veit ikkje fordelinga mellom eldre og nye maskiner, seier forskar Svein Ølnes ved Vestlandsforsking til Nynorsk pressekontor.

Nokre sentrale begrep

Kryptovaluta: Digital valuta som ikkje er tilknytt noka sentral styresmakt, nasjon eller sentralbank.

Bitcoin: Den mest kjende typen kryptovaluta. Bitcoin-nettverket er eit digitalt og desentralisert nettverk som baserer seg på blokkjedeteknologi.

Blokkjede-teknologi: System for å verifisere både finansielle og ikkje-finansielle transaksjonar utan innblanding av ein tredjepart. Blokkjeda fungerer som ein logg med fleire blokker med informasjon. Alle involverte aktørar i kjeda har tilgang til all informasjon og får beskjed når endringar blir gjort, eller når nye element blir lagt til. Om endringane blir godkjende av alle partar, kan prosessen halde fram.

Fossil vs. fornybar
Ølnes peikar på at ein heller ikkje veit kvar i verda dei ulike maskinene er plassert ut.

– Den geografiske fordelinga av maskiner har betydning for kor stor del av energien som er basert på fossile kjelder og kor stor del som er fornybar. Dei som undersøkjer dette, kjem opp med anslag som varierer ganske mykje, fortel Ølnes.

– Det som likevel er uomtvisteleg, er at bitcoin-graving brukar mykje energi, slår han fast.

Ser mot Nord-Noreg
Sør-Noreg har dei siste månadane hatt rekordhøge straumprisar, medan situasjonen i nord har vore ein heilt annan.

– Med straumprisane vi har i dag, har bitcoin-graving faktisk nærmast stoppa opp i Sør- Noreg. No går det føre seg ei flytting særleg til Nord-Noreg. Områda der er attraktive for etablering av datasenter no, seier Ølnes.

Fleire har kritisert bitcoin-graving for å vere meiningslaus bruk av energi i ei tid då energimangel fører straumprisane til vers. Partiet Raudt fremja tidlegare i vår eit forslag om lovforbod mot utvinning av kryptovaluta i Noreg.

– Utvinninga av kryptovaluta er utruleg energikrevjande, og ikkje så samfunnsnyttig, så vi ønskjer ikkje å legge til rette for det, sa Sofie Marhaug til E24 i samband med at partiet fremja forslaget.

Usamde om strategien
Framlegget frå Raudt blei nedstemt av fleirtalet i finanskomiteen på Stortinget. Blant anna argumenterte fleirtalet med at det ikkje skal vere politikarane si oppgåve å avgjere kva som er god eller dårleg bruk av energi.

– Etter at Kina i fjor la ned totalforbod mot denne industrien, har aktørane sett seg om etter andre område, og sjølvsagt vil dei etablere seg der krafta er rimelegast. Derfor har vi i Nord-Noreg fått eit enormt press mot kommunane for å få etablert desse datasentera, sa Raudt-representant Geir Jørgensen då saka var oppe til diskusjon i komiteen.

– Framfor å forby utvinning av kryptovaluta bør Noreg framleis vere ein pådrivar for betre regulering gjennom Finanstilsynet og internasjonale avtalar, sa representant Heidi Nordby Lunde (H).

Kan vere del av løysinga
Ølnes ved Vestlandsforsking peikar på at bitcoin for mange kan vere nyttig i fleire samanhengar og at det difor finst fleire grunnar for å forsvare energibruken.

– I Noreg er nok ikkje bitcoin spesielt nyttig, men globalt er det nyttig. Det kan vere nyttig som eit vern mot vanstyrt økonomi, inflasjon ute av kontroll og ikkje minst nyttig for gruppa med forfølgde personar rundt om i verda som stadig blir fleire. Kost nytte er eit viktig perspektiv, seier han.

I tillegg peikar Ølnes på eit aspekt som så langt har vore lite omtalt, nemleg at bitcoin-graving kan bli ein del av løysinga på energikrisa. Han viser særleg til to faktorar.

– Det eine er at bitcoin-graving kan gjere utbygging av fornybar energi som sol- og vindenergi meir lønnsam der den elles ikkje ville vore lønnsam. Viss ein set opp ein diger solcelle-park i ørkenen eller ein stad der det ikkje er kraftlinjer, vil ikkje det i utgangspunktet lønne seg. Ein får ikkje sendt straumen nokon plass. Men viss ein då køyrer ut nokre containerar med datamaskiner, så kan dei grave etter biotcoin frå første dag. Då får ein brukt energien medan ein ventar på å byggje vidare infrastruktur, seier han.

Sol og vind er ustabilt
Den andre faktoren Ølnes trekker fram, er at når ein må erstatte olje og gass med store mengder fornybar energi, så er det først og fremst sol og vind vi må satse på.

– Med den typen energi er det eit stort problem: Den er ikkje stabil. Produksjonen varierer frå null til maksimal produksjon. Då treng ein noko som kan balansere dei store svingingane, og her blir etterspurnadsfleksibilitet eit viktig verktøy. Produksjonen av fossil energi og vasskraft kan regulerast på produksjonssida, men med sol og vind må reguleringa skje på forbrukarsida. Der er bitcoin-graving interessant som ei av fleire løysingar.

– I Texas skjer dette delvis allereie. Der har bitcoin-gravarar inngått langsiktige avtalar med energiprodusentar som baserer seg på sol og vind. Viss det er lite vind eller lite sol, er bitcoin-gravarane villige til å stengje heilt ned aktiviteten sin, og motsett viss det er overproduksjon. Bitcoin-teknologien gjer at ein kan justere energibruken umiddelbart, i motsetnad til nesten all anna industri kor det nærmast er umogleg å stengje ned. Dette kan bli ein del av løysinga for framtidas energibruk, seier Ølnes.

(©NPK)

Publisert: 04.06.2022 11:30

Sist oppdatert: 04.06.2022 01:00

Mer om