Vindkraft sandøy befaring formannskap ålesund foto marius 11
SANDØY: Vindkraft på land har vore omstridd ein rekke plassar, men ikkje på Sandøy. Her er Ålesund-politikarar på befaring ved kraftverket i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Opnar for meir vindkraft på land

Etter tre års pause vil regjeringa ta opp att konsesjonsbehandlinga.

08.04.2022

(NPK-NTB): Regjeringa ber om at konsesjonsbehandling av vindkraft på land blir tatt opp att, etter ein tre år lang pause. Men utbygging må skje med samtykke frå kommunane.

Det understreka olje- og energiminister Terje Lien Aasland (Ap) då han la fram hovudpunkt frå eit tillegg til energimeldinga fredag.

Vindkraft er ei sentral brikke i kraftforsyninga framover, og regjeringa vil be Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å ta opp att konsesjonsbehandling.

– Men det må skje med kommunanes vilje. Eg trur vi får med oss mange kommunar på det, sa Aasland.

Han viste til at dei også har sendt ut på høyring eit forslag om produksjonsavgift, og at han trur vindkraft på land betyr ei betydeleg moglegheit for norsk industri.

– Vi er førebudde på å starte behandlinga av vindkraft på land, sa Aasland.

Jobbe raskare med havvind
Regjeringa jobbar òg for å få fortgang i prosessane med havvind. Dei første prosjekta kan vere i drift før 2030, ifølgje olje- og energiministeren.

I dag tek ordinær konsesjonsbehandling åtte–ni år, men regjeringa vil at det skal skje raskare. Dei vil starte grunnundersøkingar og miljøkartlegging, såframt dei får støtte i Stortinget.

– Regjeringa vil leggje til rette for at nettkundar på land ikkje skal bere investeringskostnader av nettet til havs for dei første prosjekta, ifølgje Aasland.

Hydrogenproduksjon
Regjeringa vil vidare leggje til rette for produksjon av hydrogen med låge eller ingen utslepp for å dekkje den nasjonale etterspurnaden.

Noreg skal bidra i å utvikle ein marknad for hydrogen i Europa gjennom å skape ein marknad her heime og samarbeide med europeiske og andre land om å forme reglar og om forsking.

Det skal etablerast «ein samfunnsøkonomisk lønnsam» produksjon av blått hydrogen mellom anna gjennom Gassco. Det skal også tildelast areal for CO2-lagring og relevante søknader om utbygging under lagringsforskrifta skal behandlast raskt.

Ei ekstern utgreiing skal gå gjennom korleis staten kan bidra til å byggje opp ei samanhengande verdikjede for hydrogen med låge eller ingen utslepp.

Enøk-tiltak gjennom Husbanken
Aasland understreka at det er mykje å hente på straumsparande tiltak i bustader. Dette er også noko folk med låge inntekter må ta del i, påpeika han.

Regjeringa foreslår at ei støtteordning blir oppretta gjennom Husbanken, med oppstart frå neste år.

Tidlegare i vinter vart regjeringa og SV samde om å bruke 100 millionar kroner på energitiltak i kommunale bustader. No tek ein ordninga eitt steg vidare, ifølgje Aasland, som legg til at det har potensial på 10 terawattimar som vi skal ha utløyst innan 2030.

– Vi må følgje opp det med tiltak som gjer at folk investerer i nettopp enøktiltak, sa han.

Publisert: 08.04.2022 09:24

Sist oppdatert: 08.04.2022 09:38

Mer om