Per sævik landgang havila capella mjølstadneset foto kjetil 22
GJEKK I LAND: Reiar Per Sævik blei mellom anna møtt av sonen Njål (t.h.) på Mjølstadneset måndag morgon. NETT NO skal segle med skipet til Tromsø og rapportere undervegs. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Bli med på kystruteseglas

Herøy-ordføraren lova reiar Per Sævik at han vil jobbe for fleire anløp på Mjølstadneset i framtida.

Måndag kom Havila Kystruten sitt første skip til heimkommunen Herøy. Havila Capella la for anledninga til kai ved Mjølstadneset der eigarane i Sævik-familien har sitt hovudkontor.

– Det er ein rimeleg stor dag for både administrasjonen og oss som eigarar, sa reiar Per Sævik til eit stort pressekorps om bord i skipet.

Følg AIS-sporinga frå skipet (ekstern lenke)

Per sævik havila capella mjølstadneset foto kjetil 11
– STOR DAG: Det første skipet til Havila-eigar Per Sævik blei møtt med flagg og hurrarop då det la til kai rett framom hovudkontoret til reiarlaget. Foto: Kjetil Haanes

Fekk løfte frå ordføraren
I samband med velkomsten gav reiaren ei gåve på 30.000 kr til Herøy kommune, som skal brukast for dei eldre i kommunen.

Ordførar Bjørn Prytz i Herøy takka og lova å jobbe for at Kystruten i framtida kan leggje til på Mjølstadneset.

Det er kjent at Sævik gjerne vil ha endra anløp frå Torvik til Mjølstadneset, og at det blir jobba aktivt for å få til eit skifte.

(saka held fram under)

Bjørn Prytz Per Sævik Havila Capella foto kjetil 11
FEKK LØFTE: Ordførar Bjørn Prytz i Herøy vil jobbe for å endre anløpet til kystruteskipa fortalde han til reiar Per Sævik. Foto: Kjetil Haanes

Bli med på seglasen
NETT NO blir med på jomfruseglasen nordover og vil rapportere undervegs. Reiarlaget har planlagt nokre markeringar undervegs, og NETT NO-lesarane kan følgje turen fram til Tromsø på torsdag.

Administrerande direktør Bent Martini var mellom dei som viste rundt på skipet måndag føremiddag.

– Dette er både eit passasjerskip, cruiseskip og lasteskip. Vi kan frakte 180 pallar, vi har stort kjølerom, pluss at bildekket kan ta ni bilar, fortel han.

(saka held fram under)

Bent martini omvisning havila capella foto kjetil 11
STOR INTERESSE: Jomfruturen for Havila Capella vert fulgt av stort pressekorps, nåde nasjonale og lokale. Her vert Havila Kystruten-direktør Bent Martini intervjua av Svein Aam i Møre-Nytt og Paul Sundnes i Bygderadio Vest. Foto: Kjetil Haanes
No er vi klare - og eg er sikker på at vi vert veldig godt mottatt
Bent Martini

– Har vore ein bratt oppoverbakke
Reiarlaget skal i løpet av neste år ha fire fartøy i trafikk på den tradisjonsrike seglasen. Kystrutesjefen påpeiker at skipa skal betene folk langs heile kysten.

– Det har vore ein bratt oppoverbakke, men no er vi klare - og eg er sikker på at vi vert veldig godt mottatt, fortel Martini.

Dei har møtt utfordringar på rekke og rad i bygginga av skipa. Økonomisk trøbbel for eitt av byggeverfta og koronapandemien, har gjort at leveringa av alle skipa har vorte kraftig forseinka.

Gir Hurtigruten konkurranse
Også reiar Per Sævik kom inn på at det hadde vore ein seig motbakke, men at dei no er optimistiske.

– Ein stor dag for administrasjonen og for oss som eigarar, men eg er sikker på at dette også vert bra for kysten, sa Sævik.

Når Kystruten er i gong med sine seglasar, er det første gong Hurtigruten – som skal segle med sju skip - får konkurranse på strekninga Bergen-Kirkenes.

Helsing frå regjeringa
Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) var mellom gratulantane måndag.

– Havila Kystruten har hatt ein utfordrande prosess med å ferdigstille Havila Capella. Eg er difor glad for å sjå at skipet endeleg er sett i kystrutedrift, uttaler statsråden i ei pressemelding om jomfruseglasen.

Staten har inngått avtale med dei to reiarlaga om å segle strekninga fram til 2031. Den totale kontraktsummen er på til saman 788 millionar kroner i året.

Publisert: 13.12.2021 11:38

Sist oppdatert: 13.12.2021 16:26

Mer om