Børsdagen: Hofseth Biocare fall vidare
I løpet av veka har verdien av Hofseth Biocare falle over 14 prosent.
Hofseth Biocare-aksjen starta mandag morgon denne veka på 4,38 kroner aksjen og slutta i dag på 3,75 kroner per aksje.
Hofseth Biocare ASA vidareforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri, til helsekostprodukt, ingrediensar til dyrefôr og har produkt under utvikling for legemiddelmarknaden. Selskapet er børsnotert med hovudkontor i Ålesund og produksjonsanlegg i Midsund.
Kursen har falle kvar dag denne veka og i dag var fallet på 5,3 prosent. Berre ni andre selskap hadde større kursfall i dag.
Aksjekursen i eit børsnotert selskap fortel om kva forventningar aksjonærane har til utviklinga i selskapet. Aksjekursen i Hofseth Biocare nærmar seg no nivået frå før den kraftige og langvarige oppturen som starta i juni 2019 då Hofseth Biocare offentleggjorde ein intensjonsavtalen med Nestlé-selskapet Garden of Life.
Men den avtale bindande skal Hofseth Biocare bli eit lønsamt selskap, sa toppsjef og stor aksjonær, Roger Hofseth.
Reaksjonen i aksjemarknaden på meldinga om Garden of Life-avtalen var kontant og positiv.
Frå 2,47 kroner per aksje 20. juni 2019 steig kursen til 4,71 kroner 16. juli 2019.
Toppen blei nådd 28. november 2019. Då vart aksjen handla til kurs 10,53 kroner.
Etterpå har aksjekursen falle, om enn litt i rykk og napp. For eit selskap som satsar tungt i både helsekostmarknaden og inn mot legemiddelmarkedet, der det tek lang tid frå produktutvikling til forteneste, er likevel ikkje kursfallet fram til utgangen av 2021 oppsiktsvekkande.
Så seint som ved slutten av 2021 var kursen 6,90 kroner per aksje,.
Men deretter vart kursfallet markert brattare.
Hittil i år er det snakk om eit kursfall på over 46 prosent. Selskapet går framleis med underskot, og spenninga no er kva tendens som viser seg når tala for 1. kvartal 2022 blir lagt fram neste veke.
I fjor auka driftsinntektene, med det gjorde også underskotet.
Industrikonsernet Endúr har også eitt ei dårleg veke på børsen, med eit kursfall på 9,6 prosent i løpet av veka. I dag var kursfallet nesten 3,3 prosent, etter at selskapet melde at ein kunde av datterselskapet Artec Aqua kansellerere ein kontrakt på 350 millionar kroner.
Artec Aqua i Ålesund er det viktigaste datterselskapet i Endúr og Artec Aqua-grunnleggarane er også største eigarar i Endúr. I løpet av dei 12 siste månadane har Endúr falle 57 prosent i verdi.
Les også
Publisert: 29.04.2022 16:34
Sist oppdatert: 29.04.2022 16:53