Håkon Andre Berg og Tore A Tønseth ringer børshandelen i gang Salmon Evolution børsnotert
MÅ VENTE: Kursoppgangen til dei tradisjonelle oppdrettselskapa har førebels ikkej blitt Salmon Evolution-aksjonærane til del.
Nytt

Børsdagen: Laks i sjø er børsvinnar

Salmon Evolution-aksjonærarane må krysse fingrane for at første laks i anlegget blir ein suksess.

26.04.2022

Med ein laksepris på over 105 kroner kiloen i den siste prisstatistikken frå laksebørsen Fishpool skal det mykje til for at eit oppdrettselskap ikkje klarer å tene gode pengar.

Gjennomsnittprisen januar var til samanlikning knappe 70 krone kiloen.

Aksjonærane i Mowi (pluss 23 prosent), Lerøy Seafood Group (pluss 26 prosent) og Salmar (pluss 24 prosent) har då også hatt ei solid verdistigning på aksjane sine så langt i år.

Alle er store oppdrettselskap, som først og fremst driv oppdrett i sjø.

Lakseprisen er også godt over nivået selskapa som har satsa på oppdrett la til grunn for sine investeringar.

Likevel er aksjekursen til det første og førebels største landbaserte oppdrettselskapet, Atlantic Sapphire, ned 35 prosent hittil i år. Atlantic Sapphire har anlegg i USA og Danmark, medan det formelle hovudkontoret er i Vikebukt.

Ved børsnotering i mai 2018 var selskapet verdsett til 40 kroner aksjen, medan ved børsslutt i da var kursen 27,44 kroner pr. aksje,

Forklaringa er truleg enkel, selskapet har hatt vanskar med å lukkast og halde forventa tidsplan, og investorane har blitt skeptiske. Årsrapporten som kom i førre veke gav heller ikkje aksjekursen noko løft.

Skepsisen som har blitt Atlantic Sapphire-aksjen sin del har truleg også smitta over på andre landbaserte oppdrettsanlegg.

Salmon Evolution-kursen (no 8,56 krone pr. aksje) er praktisk tala den same som ved årsskiftet, og over kursen då selskapet vart tatt opp til notering på børsen i september 2020. Men ut frå lakseprisutviklinga i år burde kursen ha stige.

Salmon Evolution, med anlegg i indre Harøy i Romsdal, har ikkje hatt uhell, eller uforutsette vanskar så langt. Det er også verdt å merke seg at teknologien til Salmon Evolution og Atlantic Sapphire ikkje er den same. Med suksess fram til første slakting kan mykje av uvissa knytt til selskapet sin teknologi og evne bli borte, men inntil vidare er det berre å vente.

Etter at Oslo Børs måndag hadde det nest største fallet i aksjekursane på ein dag i år, var det lite svingingar tysdag.

Hovudindeksen OSE Total Return steig 0,04 prosent. To Havila-selskap var i kvar sin ende blant børsnoterte selskap på Nordvestlandet. Havila Shipping-kursen fall 2,91 prosent og Havila Kystruten-kursen steig 3,76 prosent.

Publisert: 26.04.2022 17:01

Sist oppdatert: 26.04.2022 17:17

Mer om