Skjermbilde 2023 05 11 kl 08 14 35
KVARTALSTAL: Konsernsjef Jeppe Raaholt i Endùrla fram 1. kvartalsrapporten for 1. kvartal 2023 i dag. Skjermfoto frå presentasjon.
Nytt

Tøffare tider for Artec Aqua

Inntektene ein tredjedel av i fjor.

11.05.2023

Ingeniør- og prosjekteringsselskapet Artec Aqua har vore det største og viktigaste selskapet i det børsnoterte industrikonsernet Endùr. Artec Aqua-grunnleggarane vart også største eigarar i Endùr etter at Artec Aqua vart ein del av konsernet. Dei eig 26,42 prosent av selskapet.

Artec Aqua teiknar og prosjekterer landbaserte oppdrettsanlegg, og har mellom anna hatt jobben med første byggesteg på Salmon Evolution sitt anlegg i Indre Harøy i Romsdal. At det oppdraget er ferdig vises også att i 1. kvartalsrapporten til Endùr.

Artec Aqua hadde 113 millionar kroner i driftsinntekter i 1. kvartal i år mot 341 millionar kroner i 1. kvartal 2022.

Artec Aqua gjekk også med underskot. Ebitda-marginen fall frå 6,1 til minus 4,0. Ebitda er ei forkorting for driftsresultat før av- og nedskrivingar.

Les børsmelding her

Nye prosjekt
Aktiviteten i Artec Aqua er no retta mot tidlegfase-prosjekt og Endúr er optimistisk på Artec Aqua sine vegne, ifølgje kvartalsrapporten.

Etter at at regjeringa kom med framlegget om ein ekstraskatt på oppdrettsnæring i fjor haust og utsette behandlinga søknadar om å få etablere anlegg på land har marknaden vore prega av uvisse og utsette investeringar.

No ser marknaden for landbaserte anlegg ut til å betre seg både i Noreg, men enda meir i utlandet, ifølgje kvartalsrapporten.

Endúr ASA
1.kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt484612
Driftsresultat1418
Resultat før skatt-63-6

Publisert: 11.05.2023 09:04

Sist oppdatert: 11.05.2023 09:15

Mer om