Håvard tandstad montasje møbeltre stjernemadrassen foto ogne møbeltre 11
VEKST: Etablerte kundar i møbelbransjen kjøpte meir og nye kom til i fjor. Det gav ekstra oppsving for både Møbeltre og Stjernemadrassen. Håvar Tandstad er dagleg leiar og største eigar i begge bedriftene. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Comeback i møbelbransjen

Sykkylven-bedrift med oppsving etter å ha orientert seg mot nye marknadar.

17.05.2022

Etter å ha orientert seg mot nye marknadar gjorde Møbeltre i Sykkylven eit kraftig comeback i møbelbransjen i fjor.

- Møbelklynga er i ferd med å forvitre. Den som ikkje finn på noko anna, den er ferdig, sa Håvar Tandstad til NETT NO i mars 2020.

I fjor var det nettopp auka etterspørsel frå møbelbransjen som var hovudforklaringa på at Møbeltre sette rekord i driftsinntekter. Møbeltre lagar trekomponentar til møbelprodusentane, og har opplevd veks både frå etablerte og nye kundar ifjor.

Vender heim
Tandstad er dagleg leiar og hovudaksjonær i både Møbeltre og Stjernemadrassen, som begge held til på Straumgjerde i Sykkylven.

Det er tre forklaringar på oppsvinget for Møbeltre i fjor, meiner han:

  • Møbelfabrikkane selde fleire møblar, og dermed trengde dei og fleire komponentar.
  • Fleire møbelprodusentar ønskjer å ha leverandørane nærare.
  • Råvarekostnadane auka. Møbeltre og Stjernemadrassen kompenserer for det ved å auke sine prisar.

Snudde for andre gang
Som underleverandør til møbelfabrikkane på Nordvestlandet hadde Møbeltre i Sykkylven ein nesten samanhengande vekst fram til 2015/2016.

Då etterspørselen frå møbelfabrikkane fall, snudde Tandstad seg mot innreiingsmarknaden og satsa på skilleveggar i glas for kontorlandskap.

Det lukkast - og i 2019 passerte driftsinntektene til Møbeltre den førre toppen, frå 2015.

Selskapet auka inntektene frå kontorinnreiingar også i i fjor, men inntektene frå møbelbransjen auka altså enda meir.

Møbeltre as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt29,420,8
Driftsresultat2,40,3

Resultat før skatt

2,30,2
Stjernemadrassen as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt9,27,9
Driftsresultat1,30,6
Resultat før skatt1,10,1

Publisert: 17.05.2022 05:00

Sist oppdatert: 17.05.2022 00:18

Mer om