Danfoss gath
GLOBALT INDUSTRIKONSERN: På ei samling i Gath-nettverket i dag presenterte styreleiar Per Helge Devold (i forgrunnen) i Gath Jørgen Clausen frå det familieeigde Danfoss-konsernet som ein av innleiarane under Gath-konferansen 2024. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Dansk milliardærfamilie ser mot oppdrettsbransjen

Tidlegare toppsjef i det danske industrikonsernet Danfoss er trekkplaster på Gath-konferansen 2024.

04.04.2024

Jørgen Clausen og familien har ein formue på over 70 milliardar danske kroner - 110 milliardar norske , ifølgje 2023-utgåva av den årlege formuesvurderinga som danske Økonomisk Ugebrev gir ut.

Det rangerer familien som den tredje rikaste i landet. Formuen er først og fremst eigarskapen i det familieigde industrikonsernet Danfoss, som hadde 10,7 milliardar euro - over 120 milliardar kroner - i driftsinntekter i 2023.

Konsernet produserer automatikk og utstyr for styring av anlegg og prosessar, mellom anna for kjøling og oppvarming. 42.000 tilsette, fordelt på fabrikkar og kontor i 100 land gjer konsernet til eit verdsomspennande selskap.

No ser industrikonsernet mot oppdrettsbransjen og Nordvestlandet.

Medlem i 2022
I 2022 melde Danfoss seg inn i Gath - Global Aquaculture Tech Hub - ein organisasjon som spring ut av leverandørbedriftene til oppdrettsnæringa, med tyngdepunktet på Nordvestlandet.

4. og 5. september i år arrangerer Gath sin andre internasjonale konferanse, med Jørgen Clausen som ein av hovudidinnleiarane.

Styreleiar Per Helge Devold seier det var Clausen som tok kontakten som først førte til medlemskap, og deretter til at Clausen kjem til Ålesund og blant anna vil snakke om Danfoss sine planar knytt til oppdrettsverksemda.

- Det er eitt av Nordens største selskap, som allereie er ein vesentleg leverandør til næringa, seier Devold om Danfoss-konsernet. I samtalane med Clausen har Devold fått melding om at Danfosskonsernet invester langsiktig - med eit perspektiv på ein generasjon.

Annakvart år
Den første Gath-konferansen vart arrangert i 2022 og samla deltakarar frå over 20 land.

Taket for deltakarane på dei to konferansedagane er i overkant av 400, medrekna omlag 50 studentar, og Devold reknar med at alle plassane blir utseld.

I heile Møre og Romsdal er det 5750 sysselsett i oppdrettsbransjen, viste ein rapport som analyseselskapet Menon laga for Gath-konferansene 2022. Cirka 3700 er tilsett i oppdrettsbedriftene og 2000 er tilsett hos teneste- og utstyrsleverandører.

Publisert: 04.04.2024 23:19

Sist oppdatert: 05.04.2024 00:02