Dei mest leste Nett No-sakene i 2024
Sjekk kva saker som har fenga lesarane mest i året som snart er omme.
Sjå under - heile lista over dei 15 mest leste NETT NO-sakene i 2024
Den mest leste saka på Nett No i 2024 vart artikkelen om at transportselskapa til Tenden i Stryn køyrde inn til rekordomsetning i fjor.
Saka blei mykje delt på sosiale media, som bidrog til at den kom heilt til toppen av årets liste.
At Ervik & Sævik-eigar Rita Sævik jaktar båt og kvote etter rekordår i 2023, var den nest mest leste saka i løpet av året.
Formuesskatt har vore eit tema som har «fenga» Nett No-lesarane dei siste åra. På tredjeplass på årets mest leste saker er der Åge Remøy som fortalde korleis formuesskatten slår ut for han og familien. Herøy-reiaren kom også inn på 4. plass på lista med artikkelen om comeback-et han har gjort i offshorebransjen.
Nett No sine lesarar likar å lese gode nyheiter, og det var fleire oppturar på årets toppliste. Det var også nedturar - og saka om Prodtex-konkursen i sommar plasserte seg på ein 11. plass over årets mest leste saker.
Eitt synspunkt kom inn på topplista på 10. plass. Det var Harald Indresøvde sitt innlegg om «noregsrekord i løftebrot» i samband med Sparebank 1-fusjonen på søre Sunnmøre.
Årets mest leste saker på Nett No:
- Kjørte inn rekordomsetning
- Jakter båt og kvote etter rekordår
- Må ta ut 51 millionar for å betale formueskatt på 10 millionar
- Større enn under offshoreboomen
- Dyr bacalao for brørne Vartdal
- Kjøper ut partnarane
- Vard skal bygge ny tråler til Havbryn
- Viser fram nytt design for militærskip
- Store inntektshopp – men nye underskot
- Bankfusjon og brotne lovnader
- Prodtex-selskap melder oppbod
- Ny sjef på «betongen» etter rekordår
- Kraftig vekst på Mjølstadneset
- Superlønnsomt år for Norwind-rederiet
- Vil stoppe ferjekonkurrent på Geirangerfjorden
- PS! Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
- Les heile magasinet her
E27/S2 Går det betre i næringslivet på Sunnmøre enn elles i landet?
Publisert: 27.12.2024 12:35
Sist oppdatert: 27.12.2024 12:42