Brødrene aa montasje foto kjetil øyvind skjervheim 11
MANGLAR OPPDRAG: Hurtigbåtspesialistane ved Brødrene Aa i Nordfjord må seie opp 35 tilsette fordi verftet har lite å gjere. Foto: Kjetil Øyvind Skjervheim
Nytt

Kritisk til at hurtigbåtanbod er utsett

Måten offentlege anbod er løyst på, gjer situasjonen meir vanskeleg for maritim industri. Verftssjef har forslag til betring.

Marius Rosbach
26.01.2022

Denne veka blei det kjent at Brødrene Aa i Nordfjord må seie opp tilsette fordi dei har for lite å gjere.

Administrerande direktør Tor Øyvin Aa fortel til NETT NO at utsiktene framover er gode – men at dei nett no har hol i produksjonen.

Hovudårsaka er at marknaden for turistbåtar globalt har stoppa heilt opp grunna pandemien. Samtidig er fleire fylkeskommunale satsingar på nye hurtigbåtar med nullutslepp er sett på vent. Årsaka er usikkerheit kring kven som skal ta rekninga.

– Vi ser at om eit år eller to, så vil det vere veldig mange prosjekt som skal gjennomførast. Medan det no er lite å gjere. Vi opplever at det er uheldig – og mange i bransjen delar den oppfatninga, påpeiker Aa.

Stoppa opp grunna usikkerheit

Årsaka til at hurtigbåtprosjekta er sett på vent er fleire. Men mykje har å gjere med krav til utslepp – og kven som skal ta kostnaden.

– Fylkeskommunen som har det økonomiske ansvaret, seier at dei ikkje får midlane dei treng frå staten, og så stoppar det opp, påpeiker Aa.

Han påpeiker at løysingane må vere økonomisk bærekraftige, og meiner ein bør unngå satsing på teknologi som krev mykje subsidiering.

Kanskje burde ein i staden for nullutslepp, satse på ein glidande overgang med premiering av stadig lågare utslepp
Tor Øyvin Aa

Føreslår glidande overgang
Brødrene Aa-direktøren meiner ei løysing kan vere å gå meir stegvis fram til null-utslepp.

– Kanskje burde ein i staden for nullutslepp, satse på ein glidande overgang med premiering av stadig lågare utslepp, føreslår han.

På dei lengste hurtigbåtsambanda er det for krevjande å realisere batteridrivne båtar med null-utslipp. Men utviklinga mot høgare energitettheit og lågare kostnad, går raskt.

– Hybridløysingar med 75% batteridrift kunne i mange tilfelle vore eit godt alternativ. Då kunne fleire prosjekt blitt sett i gong tidlegare, legg Aa til.

«Ketchup-effekt» om nokre år
Verftssjefen ville ønska at fornyingsprosessen hadde skjedd raskare. Då kunne offentlege oppdrag vore betre hjelp gjennom nedgangen store delar av den maritime industrien opplever i dag.

I staden ligg det an til ein «ketchup-effekt» om nokre år – samtidig som andre deler av skipsbyggingsaktiviteten truleg har teke seg opp.

– Om alle skal dei prosjekta som blir diskutert no skal fornyast, så blir det veldig mange prosjekt på kort tid, forklarar Aa.

Klubbleiar delar synspunkta
Jon Vidar Storsletten er klubbleiar for Fellesforbundet og representerer 50 medlemmar ved Hyen-verftet. Han delar synspunkta til verftsdirektøren og er kritisk til svingingane bransjen møter som følgje av det politisk styrte anbodssystemet.

– Det er rart at styresmaktene fordelte ein rekke konsesjonar fram til 2022, så har opphald nokre år – før det igjen skal byggast ein rekkje elektriske- og hybridbåtar i åra etter 2024, seier han til NETT NO.

Klubbleiaren fortalde måndag at dei har vore nære ved fleire oppdrag, men at fleire aktørar har sett seg på gjerde etter den siste smitteoppblomstringa.

Nyleg sikra verftet seg bygginga av den nye Brim Explorer-båten, men det er ikkje nok til å fylle opp ordreboka til å halde alle i arbeid.

Publisert: 26.01.2022 14:04

Sist oppdatert: 28.01.2022 12:51

Mer om