Forsvarar Vegard Aaløkken og forsvarar Jan Erik Teigum foto Ogne
EKSTRA LÅN: Forsvarar Jan Erik Teigum (t.h) fekk stadfesta at DNB auka utlånsramma til K.A. Aurstad utan å kreve ekstra pant våren 2018. Til venstre forsvarar Vegard Aaløkken. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

DNB utvida kreditten uten ekstra pant

I april 2018 auka DNB kassakreditten til K.A. Aurstad med 25 millionar kroner, men sikra seg ikkje ekstra pant.

15.04.2021

Entreprenørselskapet K.A. Aurstad fekk auka kassakreditten frå 75 til 100 millionar kroner i april 2018. Den ekstra kassakreditten skulle gjelde fram til utgangen av 2018 og vart gitt utan at banken fekk ekstra sikkerheit for den auka kassakreditten.

Det stadfesta kundeansvarleg Stig Magne Sandnes i DNB i si vitneforklaring i rettsaka mot Cato Aurstad, største eigar i Aurstadkonsernet og styremedlem i K.A. Aurstad, som gjekk konkurs med over 200 tilsette på lønningslista 6. desember 2018.

Økokrim har tiltalt Aurstad for salet av maskinparken til K.A. Aurstad til underpris, til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige to månader før konkursen.

Overraska bank
I juli 2018 la K.A.Aurstad fram resultatprognoser for DNB som viser ei dramatisk sviktande resultatutvikling, i følgje Sandnes si forklaring.

Det blei avtalt eit møte etter sommarferien der også Stian Øvestad frå DNB si avdeling for spesielle engasjement - som betyr utlån til bedriftrer i trøbbel - var til stades. På det tidspunktet var vurderinga i banken at det var råd og få K.A. Aurstad gjennom krisa,, i følgje Sandnes si forklaring.

Utover hausten vart vurderinga i banken meir pessimistisk. K.A. Aurstad sa nei til DNB sitt tilbod å ytterlegare 10 millionar kroner i lån, i kombinasjon med ekstra sikkerheit. 16. oktober vart banken informert om salet av maskinparken til K.A. Aurstad, og at Sparebank1 Søre Sunnmøre hadde lånt kjøparane, søsterselskapet Aurstad Maskinutleige pengar til å finansiere kjøpet.

- Det kom veldig overraskande på og ville øydelegge den planen vi hadde i vårt hovud, i alle fall sa Øvestad då aktor spurte korleis han vurderte meldinga om salet av maskinparken.

Han sa banken då byrja å bli redd for at Aurstad-konsernet skulle starte ei parallell verksemd, og etterlate eit tomt bu til kreditorane. Han reagerte også negativt på at eigarane gjekk inn med ny kapital i Aurstad Maskinutleige, sidan dei ikkje ville gjere det i K.A. Aurstad.

I følgje vitneforklaringa til banksjef for bedriftsmarknaden i Sparebank1 Søre Sunnmøre, Sigrun Heltne Vartdal, var det eit krav frå banken til Aurstad-konsernet at DNB var informert om salet av maskinparklen og Sparebank1 Søre Sunnmøre sitt engasjement.

Misforsto
Trass i at banken mislikte utviklinga arbeidde den framleis for å finne ei løysing.

Basert på ein rapport frå konsulentselskapet Recore, som var leigd inn av banken og K.A. Aurstad i fellesskap, tilbaud DNB K.A.Aurstad at den ekstra kassakreditten på 25 millionar kroner kunne forlengast ut september 2019.

Det tilbodet var basert på ei mistolking av Recore-rapporeten sa Øvestad i si forklaring. Banken trudde ei forlenging av kassakreditten var nok, men K.A.Aurstad måtte ha meir for å klare se og DNB kom ikkje seinare med fleire tilbod.

4. desember sende banken epost der alle låneengasjementa vart sagt opp. 6. desember 2018 gjekk selskapet til skifteretten og ba om oppbod.

Publisert: 15.04.2021 17:30

Sist oppdatert: 15.04.2021 19:31