Drog fram Geiranger-hotell som godt eksempel
Fråflyttingstrua bygder, formuesskatt og turistbetaling var tema då reiselivsdirektøren snakka til årskonferansen.
(NPK – Heidi Molstad Andresen): Reiselivsbedriftene står midt i den pågåande dragkampen mellom innbyggjarar og arealbruken i Noreg. Men om rammevilkåra er på plass, har næringa også gode løysingar som begge sider kan samlast om, sa Kristin Krohn Devold under NHO Reiselivs årskonferanse.
NHO Reiselivs årskonferanse 2024 på Hamar har attraktive arbeidsplassar og draumedestinasjonar som tema.
– Den viktigaste faktoren for draumedestinasjonane våre er folk, sa reiselivsdirektør Kristin Krohn Devold frå talarstolen tysdag.
E26/S2 Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?
Geiranger-hotell bygde bustader for tilsette
Trass dei openberre utfordringane i næringa, slik som at 50 prosent av alle hotellsenger står ledige til kvar tid og at Noreg manglar arbeidskraft, meiner Devold at reiselivet kan motverke befolkningstilbakegangen som pregar 40 prosent av norske kommunar.
Kommunane som er minst prega av fråflytting, er nemleg ofte dei med reiseliv og eit systematisk destinasjonsarbeid. Det skapar i sin tur både bu- og tilflyttingslyst.
Og då er Devold attende til folka. Folka, som er innbyggjarar og ønskjer seg gode, aktive og urbane samfunn å bu i, slik som i Geiranger, der Hotel Union har bygd bustader for dei tilsette midt i sentrum.
Tilsette, som kjem frå heile verda og som heller ikkje alltid er komne strake vegen frå skulebenken.
Tidlegare onsdag fortalde Hotel Union Geiranger-vertskapet Monja og Sindre Mjelva korleis hotellet har snudd seg frå store bussgrupper til å vere eit hotell med individuelle reisande som den største gruppa.
– Sprøtt å formueskatte eit gammalt trehotell
Reiselivsdirektøren meiner óg at reiselivet må gjere seg endå betre nytte av arbeidstakarar mellom 55 og 70 år. Og at gründerane, som heile reiselivet står og fell på, må få betre rammevilkår for at dei skal tore å satse framover.
– Vi er i mot dagens formuesskatt som jagar bedriftseigarar til Sveits i stort tempo. Vi vil at dei store formuane skal setjast i arbeid i Noreg, i norske verksemder, sa Devold og la til:
– Det er sprøtt å formueskatte eit gammalt trehotell med vernevedtak og kort sesong som om det var kontantar i banken. Du kan ikkje levere den eine hotellveggen inn til kemneren. Enda verre er det med unge gründarar som må betale formuesskatt før dei har begynt å tene pengar.
Bubilar og dagsturistar må betale
Reiselivsdirektøren snakka også om dei tilreisande og lokalbefolkninga som er gjester ved alle verksemdene, og hyttefolka som er deltidsinnbyggjarar og har redda mange bygder med befolkningsnedgang.
Men ho var også tydeleg på at alle gjester ikkje er like gode:
– Jo lengre borte du kjem frå, jo lenger bør du bli om klimaavtrykket skal kunne forsvarast. Cruisegjester på dagsbesøk, som et alle måltid om bord og skaper ulemper for lokalbefolkninga, skaper lite norske arbeidsplassar og skatteinntekter. Derfor har Venezia ein dagsturistskatt på cruise.
– Bubilar forårsakar også mykje innbyggjarfortviling, når eigne innkøyrslar eller eiga utmark blir forsøpla av dagsturistar som kjem til Noreg, fordi her er det gratis. Ein gratisbransje skapar korkje arbeidsplassar eller skatteinntekter, men forsøpling. Derfor er campingplassar og eigne betalplassar for bubilar viktig.
Devold meiner ein framover difor må prioritere overnattande gjester som blir ei stund og legg att pengar.
– Innovasjon Noreg må målast på vekst i overnattande og betalande gjester. Og turistskatt må setjast på cruisepassasjerar og vill-parkering – ikkje hotell eller campingplassar.
Bygd- og byutvikling
Om dragkampane mellom innbyggjarar og areal, meiner reiselivsdirektøren også det finst løysingar.
Klimautfordringane må løysast, utan å rasere natur, dyreliv eller fritidstilbod til lokalbefolkninga og gjester – og utan at all hyttebygging blir stansa. Men då kan ein heller ikkje regulere inn vindmølleindustri midt i dagleglivet til folk, meiner Devold.
Ho meiner reiselivet er ein viktig dialogpartnar for styresmakter som vil byggje ny energi, for å finne gode kompromiss kring aktuelle, og heilt uaktuelle lokasjonar:
– Å lage draumedestinasjonar handlar om å skape fine, trivelege reisemål med gode opplevingar. Det er noko anna enn ei industritomt, eller eit kaianlegg. Det handlar om god byutvikling. Då Oslo laga Fjordbyen på 90-talet, reduserte ein areala til hamna drastisk for å opne for publikum – då vart grunnlaget for Oslo som sommarby og badeby lagt. No kan ein gå, bade og sykle frå sentrum og heilt til Fornebu.
At hovudstaden berre har tillate ein cruisebåt å legge til kai per dag, har og vore ein suksess, påpeikte ho.
– Andre byar, som min heimby Ålesund, har gitt Hotel Waterfront avslag på badstove i vatnet utanfor eigen kaifront, grunna propellane frå cruise-trafikken. Der kan det vere fire cruisebåtar samtidig, og då kjem verken innbyggjarane til eller frå jobb, eller får henta i barnehagen.
(©NPK)
E26/S2 Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?
Les dei siste sakene frå Nett No om reiseliv under:
Publisert: 22.05.2024 21:34
Sist oppdatert: 22.05.2024 21:39