Optimar myre Stian Nybakk Frode Tenfjord Hans Owen Thunem Foto Silje Helene Nilsen
NYVINNING: Denne gjengen har vore sentrale i utviklinga av nye «Kystfisk». Frå venstre: Dagleg leiar i design-selskapet Seacon, Rune Stian Nybakk, saman med Frode Tenfjord og Hans Owen Thunem i Optimar. Foto: Silje Helene Nilsen
Nytt

Ein fiskebåt heilt utanom det vanlege

Var lei av å ha båten til kai store delar av året. Etter arbeidsøkt om bord på bløggebåt, blei kvitfiskreiaren overtydd om løysinga.

Marius Rosbach
15.02.2023

Kombibåten Larsnes Mek. Verksted skal bygge for Myre-reiarlaget i Vesterålen, er noko heilt utanom det vanlege.

Den drygt 51 meter lange og 12 meter breie fartøyet vil kunne kombinere snurrevadfiske etter torsk, med bløgging av laks for oppdrettsbransjen.

Utstyret til å handtere fisken om bord blir levert av Optimar. Partane er samde om å ikkje opplyse konkrete summar, men det er ei stor og viktig kontrakt for havbruksavdelinga i selskapet.

Ville utnytte båten heile året
Ideen kom frå reiaren sjølv, Michael Lockert, som er dagleg leiar i Myre Kystdrift og skipper om bord på fiskefartøyet MS Kystfisk. Han var grundig lei av å ha båten uverksam til kai i lengre periodar.

– Han ville utnytte båten fullt ut og få heilårsdrift, i staden for at båten skulle til kai fleire månader av året, fortel Hans Owen Thunem i Optimar til NETT NO.

Lockert starta å sjå etter løysingar for korleis han kunne nytte båten på fleire måtar. Sommaren 2021 tok nordlendingen kontakt med selskapet på Valderøya.

Etter ei arbeidsøkt om bord på bløggebåt, der han fekk sjå systemet i full aksjon, var han overtydd.

– Han tente fullt på ideen, seier Thunem.

Optimar Myre Kystfisk Illustrasjon optimar 11
BLØGGING OG FISKE: Slik ser Optimar føre seg løysinga om bord på den nye båten til reiarlaget frå Vesterålen. Avtalen er ein stor og viktig kontrakt for havbruksavdelinga. Illustrasjon: Optimar

Får full oversikt over fangsten
Etter å ha samarbeida ved teiknebordet, kom dei fram til løysinga som vil vere først av sitt slag i verda.

At båten i teorien kan bli nytta 365 dagar i året, gjer drifta mindre låst til kvoter. Thunem fortel at det er fleire fordelar ved å kombinere teknologien som er utvikla for oppdrettsbransjen i kvitfiske.

– Når torsken kjem om bord ved fiske, så går den gjennom eit kamera- og lasersystem. Der får reiaren registrert volum og vekt på all fisk om bord. Det har aldri vore gjort på ein kvitfiskbåt før, fortel han.

Stor batteripakke kuttar utslepp
I tillegg til å møte krav om sporing, matsvinn og kvalitet, gjer teknologien rapporteringa om fangsten enklare og betre.

– Det gir reiaren korrekte tal med ein gong, påpeiker Thunem.

Myre-reiaren er ein føregangsperson på fleire vis. Om bord i nye båten kjem også ei stor batteripakke. I tillegg til å kutte opptil 70-80 prosent utslepp, vil det gjere kvardagen betre for både fisk og mannskap.

– Det gjer at båten kan ligge stille inntil merdene, men også ved slakteriet der den i tillegg kan bruke landstraum, seier Thunem.

Larsnes myre illustrasjon seacon 11
KOMBIBÅT: Den nye båten til Myre-rederiet i Vesterålen blir en kombinert snurrevad- og bløggebåt og skal bygges ved Larsnes Mek. Verksted. Designet står Måløy-baserte Seacon for. Illustrasjon: Seacon

– Ein heilt anna arbeidskvardag
Fordi systemet i stor grad er automatisert, er behovet for mannskap om bord mindre.

– Systemet bløgger 99,5 prosent av fisken, så personellet om bord må berre kontrollere den halve siste prosenten etterpå. Det blir ein heilt anna arbeidskvardag, både med tanke på effektivitet og blodsprut, seier Thunem.

For reiarlaget vil satsinga med ny båt likevel bety ei oppbemanning og dei vil auke frå 6 til 18 tilsette på heilårsbasis.

Publisert: 15.02.2023 15:52

Sist oppdatert: 15.02.2023 17:12

Mer om