– Mange som vil vere med å bidra
Den tidlegare PE Bjørdal-leiinga jobbar med å få til ny drift – og får besøk av Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Sidan PE Bjørdal-konkursen var eit faktum førre veke, har den tidlegare leiinga jobba med moglegheitene for å starte opp att.
Tidlegare styreleiar Jan Sigve Søvik fortel torsdag at det ikkje er noko avtale på plass – men at han håper dei snart kan kome med gode nyheiter for lokale arbeidsplassar.
– Absolutt, svarar han NETT NO på spørsmålet om dei framleis jobbar med å få på plass ny verksemd i lokala i Hovdebygda.
– Det er mange som ønsker å bidra, eller delta i å få til ny drift, utdjupar han.
– Banken er ei viktig brikke
Tysdag vart det sendt ut oppseiingar til alle dei 75 tilsette i PE Bjørdal.
Etter at buet har oppgitt sine krav i bygget og anlegget, er det no banken og den tidlegare leiinga som i første rekke avgjer om det blir ny drift.
– Banken er ei viktig brikke, stadfestar Søvik.
Sparebank 1 SMN som har overteke driftsutstyret frå buet, har opplyst at det er fleire interessentar kring ny drift. Søvik er ikkje overraska over at fleire vurderer moglegheitene.
– Vi får uansett håpe på ny aktivitet, legg han til.
Listhaug til Ørsta
Fredag kjem Frp-leiar Sylvi Listhaug til Ørsta – mellom anna for å møte tidlegare PE Bjørdal-sjef Bjørn Meek.
Stortingspolitikaren er som kjent kritisk både til regjeringa si innføring av lakseskatten og skatteskjerpingane for bedriftseigarar.
Begge sakene vil stå på agendaen, ifølgje invitasjonen til pressa.
– Det som no skjer er ei utarming av norske bedrifter og set mange arbeidsplassar i landet i spel. Storting og regjering må lempe på skattar og avgifter i denne usikre tida, i staden for å legge endå fleire tunge lodd på den ryggen som skal bære arbeidsplassane langs kysten, uttaler Listhaug i ei pressemelding før besøket.
Møter fleire bedrifter
Under besøket er det venta at Meek kjem med klar melding til styresmaktene om kva han meiner skal til før å halde på lokale arbeidsplassar – og eigarskap.
Partileiar Listhaug møter også representantar for andre lokaleigde bedrifter, som Vartdal-sjef Jan Endre Vartdal, Geir Høydalsvik i Reknehuset i tillegg kjem Mowi.
Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) og næringssjef Odd Magne Vinjevoll i Ørsta skal óg vere med på besøket, saman med lokale Frp-politikarar.
E21/S4 Gapet mellom politikk og sunnmørsk næringsliv - kva kan gjerast?
Eig sjølv bygget
NETT NO har tidlegare fortald at den tidlegare styreleiaren og daglege leiaren eig bygget og anlegget.
Det er ein stor fordel om dei ønske å starte opp att – og gjer «inngangsbilletten» til ny drift blitt langt lågare enn elles.
I rettspapira etter oppbodet til Møre og Romsdal tingrett kjem det fram at PE Bjørdal hadde kring 87 millionar kroner i gjeld. Samtidig er det vurdert å vere verdiar for kring 62 millionar kroner i bedrifta.
Møtte motbør på fleire frontar
Det var fleire grunnar til konkursen i bedrifta, som for berre halvanna år sidan hadde fulle ordrebøker.
Først forsvann Russland-marknaden som følgje av sanksjonane etter invasjonen i Ukraina. Deretter vart det tørke i marknaden til norsk oppdrett etter at forslaget om lakseskatt kom på bordet.
Samtidig har bedrifta fortalde om auka kostnader og større tap på prosjekt, som årsak til at økonomien ikkje gjekk rundt.
Publisert: 01.06.2023 17:32
Sist oppdatert: 01.06.2023 21:02