Hotel Union Øye montasje Mariann Øye foto Hotel Union Øye Johanne Nyborg 11
NATURLEG: Hotelldirektør Mariann Øye fortel at det er naturleg for Hotel Union Øye å nytte nynorsk, men ein del tilsette har hatt problem med språket i starten. Foto: Hotel Union Øye
Nytt

– Eit mykje betre og rikare språk

Øye-hotellet er mellom dei som har gått over til nynorsk. Men brukarane møter fleire utfordringar.

12.04.2023

(NPK – Bent Tandstad): Stadig fleire bedrifter, spesielt innan reiseliv, nyttar nynorsk i kommunikasjonen sin internt og i marknadsføringa mot den norske marknaden. No har nynorskbedriftene samla seg i ei eiga foreining.

Nynorsk bedriftsforum er ei samanslutning av ulike typar selskap som har det til felles at dei nyttar nynorsk. Eit landsdekkjande kontaktnett av og for nynorskbedrifter, som dei seier sjølve. Dagleg leiar Monika Haanes Waagan fortel at dei no har 25 medlemsbedrifter, og at det har kome nye til kvar månad sidan dei starta opp i november i fjor.

Tunge næringsaktørar på Sunnmøre, slik som Ulstein-gruppa og Mafoss (Maritim foreining for Søre Sunnmøre) var med på stiftinga av den nye organisasjonen. I styret, som blir leidd av Jan Thormodsæter frå Mafoss, er det også med folk frå Alti-kjøpesentera, Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Monika Haanes Waagan foto Nynorsk bedriftsforum
NYSTARTA FORUM: Monika Haanes Waagan er dagleg leiar for det nystarta Nynorsk bedriftsforum som no har kring 25 medlemmar. Foto: Nynorsk bedriftsforum.

– Heilt logisk for oss
Stadig fleire reiselivsbedrifter i typiske nynorskområde på Vestlandet tek i bruk nynorsk som språk i marknadsføringa. Store hotell på Nordvestlandet som Hotell Union i Geiranger på Sunnmøre og Hotell Alexandra i Loen i Nordfjord, brukar berre nynorsk på dei norske sidene sine.

Tradisjonsrike Hotell Union på Øye i Nordangsdalen er mellom dei som har gått over til berre å bruke nynorsk på dei norske nettsidene sine.

– Det er heilt logisk for oss. Vi ligg midt i nynorskområdet, der historieforteljing er ein viktig del av verksemda vår. Dessutan er nynorsk eit mykje betre og rikare språk enn bokmål, seier dagleg leiar Mariann Øye.

Ho fortel at dei berre har fått positive tilbakemeldingar på at alt skriftleg som kjem frå hotellet, både i sosiale medium og på nettsidene, er på nynorsk. Det einaste problemet for dei har vore at ein del tilsette har hatt problem med språket i starten, men at dette har gått seg til fint.

Vanskeleg å nå opp på Google
Monika Haanes Waagan i Nynorsk bedriftsforum fortel at det er tre store utfordringar som nynorskbedrifter møter. Den første utfordringa er den største og viktigaste søkjemotoren på nettet, Google.

For dei som hentar dei største kundegruppene sine frå marknadsføring på nettet, er det vanskeleg å bli synleg der. Det har med å gjere at nynorskord taper mot bokmålsord i kampen om å kome med i søket.

– Det er ikkje berre ei aktiv diskriminering av nynorske ord, men ei aktiv utsiling. No trur vi ikkje at dei gjer det for å diskriminere nynorsken, men praksisen gjer at det er det som skjer.

Google Norge: – Systema våre er ikkje perfekte
Kommunikasjonssjef Sondre Ronander i Google Noreg seier at dei heile tida jobbar med å forbetre systema sine, slik at dei lettare kan forstå og hjelpe alle med å finne det dei leiter etter, same kva språk dei brukar.

– For å få til dette vurderer systema ei rad faktorar, frå kva ord som blir vist på nettsida, kor ferskt innhaldet er og fleire ting, for å gi folk tilgang til dei mest relevante og beste søkjeresultata som er tilgjengelege. Kjernen av å levere relevant informasjon er evna vår til å forstå språk, og systema våre er ikkje perfekte. Kvart år gjer vi fleire tusen forbetringar i Google Søk. Vi testar desse for å sikre at dei verkeleg gjer opplevinga betre for dei milliardar av søk som blir gjort kvar dag, seier han til Nynorsk pressekontor.

Det andre problemet for mange nynorskbedrifter er kompetansen internt. Det er tilsette som ikkje kjenner seg trygge nok på språket til å bruke nynorsk, og det gjer kanskje at nøkkelpersonar internt må bruke mykje tid på språkvask eller rettleiing.

Få tekniske løysingar for nynorsk
Det tredje problemet er ifølgje Haanes Waagan at det er vanskeleg å finne tekniske løysingar som støttar nynorsk. Bedriftene i dag nyttar svært mange ulike typar programvare og applikasjonar, og få er tilgjengelege på nynorsk. Det gjer at om ein ikkje ynskjer å gå inn eit kompromiss om språket, så må dei bruke pengar på å utvikle eigne løysingar.

– Vi ser også at selskap som er med i ei kjede, slik som mange hotell, kan ha problem med kommunikasjonen med systema til kjeda, som gjerne berre nyttar bokmål, seier ho.

Ho er også uroa over tendensen i samfunnet, ikkje minst i akademia, til at stadig meir går føre seg på engelsk. Og i den kampen står nynorsk mykje svakare enn bokmål.

– Trass i alle problema, så er det mange som vil bruke nynorsk. Hovudmotivasjonen er at det er vårt språk, og det handlar om identitet, stoltheit og samfunnsansvar. Nyleg var det ei handverksbedrift som melde seg inn, og leiaren gjorde det klart at han var villig til «å gå ei ekstra mil» for å kunne bruket språket sitt.

Monika Haanes Waagan seier at Nynorsk bedriftsforum ikkje skal vere moralistar og misjonærar for å få bedrifter til å bruke nynorsk, men at dei skal støtte og hjelpe dei som alt har teke eit val om å bruke nynorsk. Men ho ynskjer seg fleire medlemer forumet.

Nynorsk finansspråk
Tre sparebankar er også med i samanslutninga av nynorskbedrifter, Sparebanken Sogn og Fjordane, Luster Sparebank og Voss Sparebank. Sparebanken Møre og Sparebank 1 Søre Sunnmøre nyttar også mykje nynorsk, men er ikkje medlem av samanslutninga.

Kommunikasjonsdirektør Johanne Viken Sandnes i Sparebanken Sogn og Fjordane fortel at dei er klare på at nynorsk er forretningsspråket deira og ein del av identiteten og merkevara deira.

– Det er naturleg at vi som regionalbank nyttar nynorsk i den skriftlege kommunikasjonen vår, og vi brukar nynorsk uansett kvar vi annonserer, om det er i Oslo, Førde eller Bergen, seier ho til NPK.

Sandnes seier at dei generelt får få klagar på språkbruken, trass i at dei har veldig mange kundar utanfor Sogn og Fjordane. I all hovudsak er tilbakemeldingane på språket positive.

Når det gjeld problema med å nå fram i søkjemotoren Google, har ho ikkje inntrykk av at det er eit problem for dei.

– Det er nokre få søkjeord som ikkje harmonerer like godt, men vi jobbar stadig med å vere synlege, og vi opplever at vi viser godt igjen, seier kommunikasjonsdirektøren.

(©NPK)

Publisert: 12.04.2023 14:24

Sist oppdatert: 12.04.2023 16:38

Mer om