Fora Form-smell i fjor
Ordreinngangen gjekk ned og kundane til Fora Form sette investeringsbeslutningar på vent i fjor.
Fora Form i Ørsta har spesialisert seg på møblar til forretningsbygg, flyplassar, konferanse- og kulturlokale.
Medan møbelprodusentane som har privatpersonar som målgruppe fekk ein kraftig oppsving etter at koronaepeidemien kom i fjor skjedde det motsette for Fora Form.
Driftsinntektene fall nesten 20 prosent, og fallet i lønsemda blei enda større (sjå tabell).
Fora Form as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 145,9 | 181,6 |
Driftsresultat | 6,6 | 15,5 |
Resultat før skatt | 3,6 | 15,3 |
Les også
Koronaeffekt også i år
Den negative verknaden av koronaepidemien har halde seg for Fora Form også i år.
I årsmeldinga, som er datert 24. august 2021, står det at oppsvinget etterkvart som smittevernrestriksjonane blir letta på har tatt lenger tid enn selskapet hadde venta og håpa.
Meir eksport
Tidlegare i september sa supply chain manager Jonny Høstland i Fora Form at selskapet aukar eksportsatsinga.
Mellom anna har dei sikra seg ein agent i Miami i USA og dei er til stades i Frankrike, Benelux og Finland.
– No satsar vi også i London. Vi har veldig trua på dette, og det blir spennande å sjå kva vi får til, sa Høstland
I dag er Sverige den største marknaden utanfor Norge.
Fora Form er eigd av det svenske børsnoterte konsernet Lammhults Design Group.
Publisert: 30.09.2021 16:27
Sist oppdatert: 30.09.2021 16:27