Framtidslaben-partnarane må melde seg inn på nytt
Når Framtidslaben reorganiserer etter misnøye hos næringslivet blir ikkje dagens partnarar automatisk med vidare.
Framtidslaben i Ålesund har i dag over 30 bedrifter som partnarar. Samla sett er bedriftene den største partnargruppa i Framtidslaben, men misnøye med kva dei ha fått att for partnarskapet har gjort at Framtidslaben no skal omorganiserast og få ein restart.
Den omorganisiering innber mellom anna at dagens partnarar aktivt må velje å bli med vidare.
"Vi håper at flest mulig av dagens partnere blir med i den nye organisasjonen, men dette er et valgt de selv må gjøre. Mao. det skjer ikke automatisk.", skriv prosjektleiar Tomas Berman i selskapet SoCentral, som er leigd inn for å hjelpe til med omorganiseringa.
Feil ord
Fredag 14. april held Framtidslaben eit digitalt partnarmøte med orientering og diskusjon om omorganiseringa.
I oppsummeringa frå møtet står det at "Viktig å presisere at selv om Framtidslaben blir en ideell stiftelse betyr det ikke at alle prosjekter, samarbeid og initiativ som springer ut av laben skal ha en ideell innretning."
Det stemmer likevel ikkje at Framtidslaben blir organisert som ei stifting. Etter omorganiseringa skal Framtidslaben vere ei foreining.
"Er nok feil bruk av ord her – det har aldri vore snakk om stiftelse, men foreining eller aksjeselskap. Vi har landa på foreining" skriv seniorrådgjevar Inger Synnøve Remme i Ålesund Kommune.
NETT NO skreiv måndag om omorganisering basert på oppsummering frå partnarmøtet. Den artikkelen er endra etter opplysningane frå Remme.
Eitt medlem, ei stemme
I følgje Berman skal kvart medlem i foreininga Framtidslaben har ei stemme på årsmøtet, som vel styret i Framtidslaben.
Det betyr mellom anna at bedriftene vil ha fleirtal på årsmøtet dersom alle dagens partnarar blir med vidare etter omorganiseringa.
Publisert: 18.04.2023 13:15
Sist oppdatert: 18.04.2023 16:33