Stad skipstunnel Kjøde illustrasjon Kystverket Snøhetta Plump 11
KJØDE: Arbeidet med å erverve grunn til skipstunnelen vart sett på pause tidlegare i år. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta/Plump
Nytt

Åtvarar for framdrifta for skipstunnelen

Ber stortingspolitikarar gripe inn etter at arbeidet med å innløyse eigedomar har stoppa opp.

Marius Rosbach
27.11.2023

Styringsgruppa for Stad skipstunnel er uroa for at grunnervervet kring Stad skipstunnel er stoppa opp.

I eit brev til stortingspolitikarane i regjeringspartia og SV ber dei difor om ei endring i statsbudsjettet som skal bli vedteke før jul.

NETT NO og fleire andre media har omtalt korleis prosessen med å innløyse dei siste eigedomane i samferdselsprosjektet har stoppa opp.

Det gjer at utlysinga av anbodet for Stad skipstunnel er avhengig av utfallet av fleire rettsprosessar.

Fryktar prosjektet kan bli «kraftig forseinka»
Styringsgruppa viser til at Kystverket allereie har kjøpt ut dei fleste bygg og eigedomar. Ein stans i grunnervervet er både ei belastning for grunneigarane og ein risiko for framdrifta.

– Grunnervervsprosessar kan vere svært krevjande og det kan ta opptil to år før man kjem til einigheit. Skal man gjere dette i etterkant av anbodsrunden, seier det seg sjølv at prosjektet blir kraftig forseinka, skriv dei i brevet til politikarane.

Styringsgruppa ber politikarane sjå nærare på formuleringa om grunnerverv i stortingsproposisjonen og sørge for at prosessen kjem tilbake på rett kjøl.

Det høyrer med til historia at tre av fire grunneigarar sette seg i mot at prosessen blei stoppa og bad om at skjønnsforhandlingane kring eigedomane ikkje blei stoppa.

Dei har to gonger fått ei avgjerd i Sogn og Fjordane tingrett mot seg i dette synet. Saka er anka til lagmannsretten - som begge gonger har oppheva avgjerda frå tingretten.

NETT NO har tidlege spurt prosjektleiar for Stad skipstunnel, Terje Skjeppestad, kvifor Kystverket har gjort som dei har gjort i retten, når det kan bidra til å forseinke prosessen med å lyse ut anbodet.

– Dette var ikkje Kystverket si avgjerd. Vi fekk eit innspel frå regjeringa i revidert nasjonalbudsjett, der det stod at regjeringa bad om å la grunnervervet stå i ro inntil neste års statsbudsjett låg føre. Difor har vår innstilling til retten vore å pause saka fram til det var på plass, svarte Skjeppestad då.

Publisert: 27.11.2023 16:03

Sist oppdatert: 28.11.2023 12:50

Mer om