Terje Aasland og Knut Flakk på fabrikktomta til Norwegian Hydrogen på Hellesylt foto Ogne
HELLESYLT: Olje- og energiminister Terje Aasland og Norwegian Hydrogen-styreleiar Knut Flakk på fabrikktomta på Hellesylt. Her kjem snart selskapets første hydrogenproduksjon i gong. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Har henta inn nye 50 millionar

Ålesund-selskap jobbar med ein langt større emisjon til hydrogensatsing. Betydeleg underskott i fjor.

Marius Rosbach
09.08.2023

Norwegian Hydrogen er i gong med ei storstilt satsing på produksjon av hydrogen. No jobbar Ålesund-selskapet med å hente inn friske pengar til det vidare arbeidet.

– I løpet av dei siste vekene har vi henta inn i overkant av 50 millionar frå både eksisterande og nokre nye investorar, skriv Norwegian Hydrogen-sjef Jens Berge til NETT NO i ein e-post.

Han fortel at dei også har eit par namn til på blokka som er aktuelle for å gå inn med kapital i denne runda.

Jobbar med betydeleg større emisjon
Årsmeldinga som nyleg blei offentleg - og er datert i april - skriv styret at dei jobba med ein emisjon på 100 millionar kroner for å sikre behovet for kapital ut året. Målet var at ny kapital skulle vere på plass innan første halvår.

Med drygt halvparten av beløpet på plass, har selskapet i lyfta blikket framover.

– Utover hausten vil vi arbeide vidare med neste emisjon, fortel Berge.

Målet då vil vere å hente betydeleg meir enn det som er opplyst i årsmeldinga.

– Vi ekspanderer vår verksemd i heile Norden, og har fleire prosjekt under planlegging som vil krevje betydeleg kapital, legg han til.

Underskot på over 61 millionar i fjor
Norwegian Hydrogen er framleis i ein utviklingsfase og har difor levert eit 2022-rekneskap som er prega av høge kostnader og lite inntekter.

Inntektene til selskapet består av ulike former for støtte. Med lønn og andre driftsutgifter enda fjoråret med eit underskot i rekneskapen på drygt 61 millionar (sjå tabell under).

I løpet av 2022 blei det henta inn knappe 94 millionar i ny finansiering.

Norwegian Hydrogen
Årsresultat (i mill kr)


2022
2021
Driftsinntekter
18,1
3,1
Driftsresultat
-61,9
-14,8
Res. før skatt
-61,5
-14,8

Bygger fabrikk på Hellesylt
Norwegian Hydrogen er i gong med å bygge sin første fabrikk på Hellesylt. Her har dei fått støtte frå Innovasjon Norge og Norges Forskningsråd på meir enn 46 millionar kroner.

Framover har selskapet planar om produksjon ein rekke plassar, mellom anna ved Sjøholt.

Selskapet gjorde i fjor si første runde med oppbemanning i fjor, i første omgang i Ålesund og Oslo. I løpet året utvida dei verksemda til Sverige og Danmark, samtidig som de førebudde å starte opp i Finland.

Publisert: 09.08.2023 11:48

Sist oppdatert: 09.08.2023 12:58

Mer om