Kongsberg maritime havvind Anette Bonnevie Wollebæk foto marius 11
VEKSANDE MARKNAD: Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime fortalde nyleg næringsministeren om marknaden for havvind under eit besøk i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Har passert to milliardar i havvindkontrakter

Vekst i ny marknad for Kongsberg - som no får draghjelp frå Stortinget til å skru opp tempoet i norsk satsing.

02.06.2022

(NPK-NTB-NETT.NO): Under kapitalmarknadsdagen for Kongsberg Gruppen i Oslo torsdag kom det fram at konsernet stadig aukar inntektene frå havvind.

Konsernsjef Geir Håøy kunne opplyse at verdien for slike kontraktar har passert to milliardar i løpt av fjoråret og så langt i år.

I presentasjonen går det fram at selskapet ventar at dei ventar at kontraktsverdiane frå havvind vekser til å utgjere sju prosent for deira del i åra 2022 til 2026.

Meiner mykje kan gjerast i norsk satsing
Samtidig er det klart at fleirtalet på Stortinget gir regjeringa fleire nye tidsfristar for havvindsatsing her til lands.

Det fell i god jord hos Kongsberg, som har etterlyst høgare tempo i havvindsatsinga til styresmaktene.

– Vi er positive til å kome raskt i gang. Allereie no kan det planleggast for gode arealundersøkingar, miljøomsyn og sameksistens mellom fiskeri og energi, fortel kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime til NETT NO.

Vil ha nye tidsfristar

Det er i innstillinga som energi- og miljøkomiteen har til energimeldinga til regjeringa, at dei nye fristane blir fastsette.

Støre-regjeringa lanserte tidlegare i vår eit mål om 30 gigawatt havvind i Noreg innan 2040.

No stiller stortingsfleirtalet fleire krav til regjeringa for å komme raskare i gang med satsinga:

  • Tildelinga av areal for havvind på Utsira Nord og i Sørlige Nordsjø II må skje allereie i 2023.
  • Etter dette skal neste tildeling av areal skje seinast i 2025.
  • Stortingsfleirtalet ber om at det deretter jamleg blir tildelt nye areal for havvind.

I tillegg ber stortingsfleirtalet regjeringa om å vurdere å fastsetje eit delmål for arealtildeling innan 2030 i lys av dei erfaringane som blir gjorde med dei første tildelingane.

Ingen avklaring om hybridkablar
I komitéinnstillinga kjem det likevel inga avklaring på den politiske feiden om hybridkablar, det vil seie kablar som koplar framtidige havvindanlegg til både Noreg og Europa.

Den såkalla hybridløysinga har vorte gjenstand for hard kritikk, og kritiske røyster meiner dette i realiteten er nye utanlandskablar med eit vindkraftverk i midten. Industriaktørar og opposisjonen på Stortinget har derimot meint at hybridkablar er ein føresetnad for at utbygginga av havvind skal bli lønnsam.

Publisert: 02.06.2022 16:20

Sist oppdatert: 03.06.2022 00:41

Mer om