Service dokkhallen Ulstein Verft foto Ulstein Group 11
ULSTEI VERFT: Arbeidarar i sving med serviceoppdrag i dokkhallen ved Ulstein Verft. Foto: Ulstein Group
Nytt

Har serviceoppdrag til «godt ut i 2023»

Offshoreskip på rekke og rad til klassing hos Ulstein Verft.

Marius Rosbach
07.11.2022

Etter ein tøff periode med nedbemanning i 2021, ser situasjonen lysare ut for Ulstein Verft.

I tillegg til fleire komande nybyggingsoppdrag, har verftet fylt opp ordreboka med service- og reparasjonsarbeid til «godt ut i 2023», opplyser verftet i ei pressemelding.

- Ser positivt ut for aktiviteten
Salssjef for ettermarknaden Martin Sundgot Hansen fortel at verftet også har plass til fleire oppdrag.

- Vi har førespurnader om oppdrag til langt ut i april, så det ser positivt ut for aktiviteten ved verftet framover. Sjølv om vi har booka mange oppdrag det komande halvåret, har vi framleis moglegheit for å ta på oss nye oppdrag, uttaler han i meldinga.

Fleire offshoreskip til klassing
Med oppdraga som er signert dei siste dagane, er det mellom anna fleire fartøy som skal inn til klassing. Først kjem Island Crown som skal få gjennomført ei tiårsklassing frå midten av november.

Deretter kjem skip nummer to frå Island Offshore-reiarlaget, Island Wellserver, som skal ha ei 15-årsklassing og ligge til jul. På nyåret ventar verftet også inn Seven Viking og Skandi Hugin som begge skal inn for tiårsklassing.

- Med dei siste kontraktane har verftet no fylt opp ordreboka til godt over jul, legg salssjefen til.

Skal oppgradere vindskip
Nyleg sikra Ulstein Verft seg også oppdraget med å oppgradere serviceoperasjonsskipet Windea Leibniz, slik at det blir meir eigna som konstruksjonsstøttefartøy.

Plasseringa ved kystleia mellom Stad og Trondheim gjer at verftet er strategisk lokalisert og samtidig er dokkhallen ein viktig grunn til at ordreboka fyller seg opp, ifølgje verftet.

Publisert: 07.11.2022 12:42

Sist oppdatert: 07.11.2022 12:52