Spår større etterspurnad for nye skip
Ulstein Verft med større overskot og lågare omsetning. Peiker på positiv utvikling for nybygg.
Årsrapporten til Ulstein Verft som no er offentleg, avslører korleis leiinga ser på framtidsutsiktene. Styret skriv i rapporten at verftet prioriterte segmenta ekspedisjonscruise og havvind i året som gjekk.
Hovudfokus for 2022 vil vere å inngå nye kontraktar i ein framleis krevjande marknad, heiter det i rapporten datert i mai.
Etterpå har verftet som kjent sikra seg bygging av minst to skip for Olympic-reiarlaget i Herøy.
Meir etterspurnad i cruise og havvind
Koronapandemien påverka framleis cruisenæringa i stor grad i 2021, men for inneverande år ventar leiinga ei positiv utvikling for dette segmentet.
Aktiviteten på havvindmarknaden har vore svært høg i Europa, og dei same tendensane gjer seg gjeldande i USA og Asia.
– Vi forventar at det i tida framover til være ei aukande etterspurnad etter kabelleggjarar, serviceoperasjonsski, steininstallasjonsskip og andre installasjonsskip med stor krankapasitet, heiter det i årsrapporten.
Krigen i Ukraina underbygger behovet for alternative og meir uavhengige energikjelder, meiner styret.
Grønne skiftet – også ein drivar
Bruk av meir miljøvennleg teknologi på nybygg og auka moglegheiter for
lågutslepp- og nullutsleppsfartøy vil også tilta, trur styret.
Dei ser også eit auka behov for ombygging av skip innan offshore, og oppgradering av passasjerskip til grønare framdriftsløysingar.
– Vi meiner at meir miljøvennleg skipsfart, ny teknologi og aukande digitalisering vil påverke etterspurnaden etter nybygg og tenester i fleire marknadssegment, heiter det i rapporten.
Dobla overskot i fjor
Etter at Ulstein Group og verftet har hatt nokre tøffe år, kunne skipsbyggjarkonsernet tidlegare i sommar melde om eit positivt resultat for heile gruppa.
Rekneskapen for Ulstein Verft som no er offentleg, viser at verftsselskapet dobla overskotet før skatt samanlikna med året før. Inntektene gjekk betydeleg ned (sjå tabell).
Effektane frå koronapandemien var framleis krevjande, og hovudårsaka til at selskapet har vore nøyd til å sette i gong prosessar for å tilpasse seg marknadene det siste året.
Styret var godt nøgd med det positive resultatet, og ventar at likviditet og eigenkapital vil halde seg stabil gjennom året.
Ulstein Verft | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 923,8 | 1430,7 |
Driftsresultat | 41,1 | 59,2 |
Resultat før skatt | 19,5 | 10,4 |
Publisert: 18.08.2022 12:55
Sist oppdatert: 18.08.2022 13:34