Aina M Hauge Sofie Marhaug Foto Marius Rosbach 11
ULSTEINVIK: Fylkesleiar Aina M Hauge (t.h.) i Møre og Romsdal og stortingsrepresentant Sofie Marhaug (Raudt) på besøk hos Ulstein Group. Foto Marius Rosbach 11
Nytt

Jobbar for å endre skattepolitikken til Raudt

– Vi bør sjå på korleis vi skal justere formuesskatten betre, meiner fylkesleiaren i Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
05.09.2023

Diskusjonen kring auken i skattetrykket på bedriftseigarar har blitt eit heitt politisk tema.

Medan Raudt har vore ein støttespelar for å auke skattar under Støre-regjeringa, fortel fylkesleiar Aina M. Hauge i Raudt Møre og Romsdal at ho forstår bekymringa frå bedriftseigarar på Nordvestlandet.

– Vi bør sjå på korleis vi skal justere formuesskatten betre, slik at vi tek vare på norsk eigarskap, seier ho til NETT NO.

Ho vil sjå på moglegheitene til å trekke ut det ho omtalar som produksjonsmidlane - som maskiner, utstyr og bygningsmasse - frå utrekninga av formueskatten.

– Skal ta omsyn til folk sin inntekt
– Hovudlinja for Raudt sin skattepolitikk er enkel: Den som har sterkast rygg, skal bere tyngste børa, seier Hauge.

Men at bedriftseigarar skal hente utbytter frå bedrifter som går med underskot for å dekke skatterekninga, meiner ho seier seg sjølv «ikkje er riktig».

– På same vis som andre skattar skal ta omsyn til folk sin inntekt, må eigarskattane ta omsyn til om det faktisk er pengar i bedrifta. Men om det er pengar å hente ut, så må ein vere med å dra lasset, legg fylkesleiaren til.

Sofie Marhaug Aina m Hauge Cathrine Kristiseter Marti Foto Marius Rosbach 111
VERFTSBESØK: Sofie Marhaug og Aina M. Hauge frå Raudt møtte konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group for å legge fram eit forslag dei meiner vil styrke norske verft sin posisjon i kampen om oppdrag frå det offentlege - og det fall i god jord. Foto: Marius Rosbach

Jobbar med forslag til neste landsmøte
Den tidlegare journalisten og bedriftsleiaren vil jobbe fram mot neste landsmøte i Raudt med eit forslag som har som mål å endre partiet sin politikk på området.

Mange bedriftseigarar er frustrert over formuesskatt på sokalla arbeidande kapital. Det er eit vanskeleg definerbart begrep, men som i stor grad samanfaller med det Hauge omtalar som produksjonsmidlane.

Det kan vere nødvendig og ofte svært kostbart utstyr, som dei er treng til å drive. For dette må mange betale ei stor personleg skatterekning under dagens skatteregime.

– Det gjelder til eksempel merdar, maskinar og bygg som høyrer til industriproduksjon. Korleis vi skal gjere det, kjem eg til å få råd frå andre for å finne ei løysing på, seier Hauge.

– Urettferdigheit i forskjellsbehandlinga
Når sunnmøringen har forklart korleis ho opplever situasjonen, har ho møtt positiv respons frå lokallaga i Møre og Romsdal der det har vært tema, fortel fylkesleiaren.

Også stortingspolitikar Sofie Marhaug frå Raudt som denne veka var på besøk i industrikommunen Ulstein, meiner formuesskatten har sine negative sider.

– Det er ein urettferdigheit i forskjellsbehandlinga mellom norske og utanlandske eigarar, og det må vi jobbe med å finne ei løysing på politisk, seier ho til NETT NO.

– Ønsker i første rekke ei auke i selskapsskatten
Marhaug held fast ved at partiet vil ha formuesskatt, men påpeiker at deira innretning er litt annleis enn regjeringa, mellom anna med høgare botnfrådrag.

Stortingspolitikaren meiner samtidig det er synd at regjeringa ikkje vil diskutere selskapsskatten eller arveavgift.

– Vi ønsker i første rekke ei auke i selskapsskatten, seier ho.

– Når eg snakkar med Knut Flakk og andre bedriftseigarar, så seier dei det same som Raudt: Dei vil ha opp selskapsskatten, legg fylkesleiar Hauge til.

Vil ha ny arveavgift
Samtidig viser tala at skilnadene mellom folk aukar, og stortingspolitikar Marhaug påpeiker at både rikdom og fattigdom går i arv.

– Raudt er også for ein arveskatt, som handlar om korleis privat kapital går i arv. Den trur vi kan innrettast meir sosialt enn den gamle arveavgifta, seier ho.

Partiet føreslår ei anna løysing, enn arveavgifta som regjeringa Solberg fjerna. Mellom anna skal den vere på 25 prosent og kan nedbetalast over tid.

– Det er ikkje som den tidlegare arveavgifta, der bedrifta måtte gjere eit innhogg i selskapet ved generasjonsskifte, som skapte ein risiko for mange bedrifter, legg fylkesleiar Hauge til.

Publisert: 05.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 05.09.2023 00:25

Mer om