Lars Oscar Oevstegaard foto marius 11
TAKKSAM FOR STØTTA: Lars Oscar Øvstegård fortel at han er svært takksam for støtta til kronerullinga - og at han aldri ville klart å kome hit utan støttespelarane sine. No er han klar for neste steg i arbeidet med å søksmålet mot staten. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

I mål med kronerulling til søksmål om formuesskatten

Lars Oscar Øvstegård er takksam for støtta - og har sjølv brukt ein halv million i arbeidet med rettssaka mot staten.

Marius Rosbach
15.04.2024

Lars Oscar Øvstegård og støttespelarane er i mål med Spleisen dei sette i gong for hente midlar til å saksøke staten.

Ørstingen vil som kjent ha fjerna formuesskatt på arbeidande kapital – fordi han meiner den er urettferdig og svært skadeleg for norsk næringsliv.

Målet var å samle inn 790.000 kroner i ein Spleis frå små og mellomstore bedrifter. Søndag var summen oppe i drygt 814.000 kroner.

– No føler eg på ei utruleg letnad. Eg kan ikkje få skryte nok av alle bedriftene som har vore med å støtte, ikkje minst frå lokalmiljøet i Ørsta, seier han til Nett No.

Støtte frå næringsforeiningar og rekneskapsbyrå
På lista over dei som har støtta kronerullinga offentleg, finn vi ein rekke lokale firma. I tillegg har både bedrifter og privatpersonar støtta anonymt – og fleire har varsla at dei vil støtte.

På lista er også Volda Næringsforum, og andre lokale næringsforeiningar har sagt at dei vil donere pengar til aksjonen. Øvstegård sett spesielt stor pris på at fleire revisjons- og rekneskapsbyrå bidreg.

– Dei veit verkeleg korleis dei skatten slår ut, og forstår kor urettferdig det er, seier Øvstegård.

Grøvik Verk og Kvalheim og Com har til no gitt mest av dei bedriftene som har gitt støtte offentleg, med 50.000 kroner.

Må rekne med fleire runder i retten
Til saman har Øvstegård samla inn nær to millionar kroner til søksmålet. Om det blir fleire rundar i retten – som ein må rekne med – blir rekninga høgare.

Samtidig risikerer saksøkarane å få rekninga for staten sine sakskostnader, ved eit eventuelt tap. Den sjansen vil Øvstegård ta.

– Eg er villig til å risikerer alt for å bekjempe for det som er i ferd med å øydelegg landet er så glad i, seier han.

Har brukt halv million av eiga lomme
Allereie har han brukt kring ein halv million kroner av eiga lomme - og ei uttal timar - i arbeidet med å førebu søksmålet.

– Det har ikkje vore enkelt, erkjenner Øvstegård.

Samtidig har han fått støtteerklæringar frå fleire kapitalsterke personar, som gjer at han kjenner seg trygg på at dei har musklar til å stå løpet ut.

Øvsetgård stortinget høyre 11
HØGRE-BESØK: Frå besøk hos Høgre på Stortinget forrige veke. Fra venstre: Anders Riise (H), Linda Cathrine Hofstad Helleland (H), støttespelar Geir Høydalsvik, Helge Orten (H), Olve Grotle (H), støttespelar Hilde Midthjell, Lars Oscar Øvstegård og støttespelar Terje Bøe. Foto: Privat

Toppadvokatar jobbar for halv pris
Ørstingen har med seg jussprofessor Mads Andenæs på laget. Han skal føre saka i samarbeid med Carl Baudenbacher, som er den lengstsittande leiaren for Efta-domstolen, og kjent for sitt arbeid med EØS- og EU-rett.

Begge advokatane jobbar for halvparten av vanleg timeløn, og har opplyst at dei har slutta å telle timar dei har brukt for å lage ei samanliknande studie om formuesskatten.

Lagar samanliknande studie
Størstedelen av beløpet som er samla inn til no, går til å betale for denne undersøkinga. Det vil vere den første studien som går grundig gjennom både verknader av formuesskatten – og korleis andre land har innretta seg.

– Det trur vil vi vere ein «game changer» for å få folk til å forstå saka vår. Det handlar om grunnleggande prinsipp som likskap og rettferd – som den norske velferdsstaten bør verne om, legg Øvstegård.

No jobbar dei med å få til ei pressekonferanse i Norge i samband med undersøkinga blir lagt fram – truleg i forkant av sommaren.

Klar støtte frå Høgre
Sjølv om det har vore mykje jobb, opplever Øvstegård at han får stadig meir støtte. Førre veke var han og støttespelarane på Stortinget for å møte fleire sentrale Høgre-politikarar.

Stortingspolitikar Olve Grotle som er valt inn for Høgre frå Bremanger, meiner at fleire skatteauker frå regjeringa gjer at næringslivet risikerer å bli utarma.

– Over heile landet, og særleg langs den verdiskapande kysten, er det nå kome eit opprør. Særleg gjeld det knytt til skattlegginga av norsk eigarskap på bedrifter. Heldigvis ser vi nå at stadig fleire i næringslivet nå slår alarm offentleg, ikkje minst på Sunnmøre, skriv Grotle i ein e-post etter møtet.

– Framover blir det eit prioritert område for Høgre å betra dei rammevilkåra for næringslivet vårt, og kanskje mest av alt; få bukt med den særnorske og øydeleggande skattlegginga av norsk eigarskap i næringslivet, legg han til.

Publisert: 15.04.2024 05:00

Sist oppdatert: 15.04.2024 13:57

Mer om