Per vidar kjølmoen foto marius 11 jpg
Nytt

– Vi ønsker ikkje å knekke næringa

Per Vidar Kjølmoen (Ap) forsvarar partiet si haldning til å stramme inn på innleige og vil gjere det i dialog med den maritime bransjen.

Marius Rosbach
18.08.2021

Maritim bransje og spesielt dei store verfta, er i i stor grad avhengig av innleige for å få bygd nye skip fordi det er mangel på norske fagarbeidarar i industrien.

Maritimt Forum Nordvest har utfordra Arbeiderpartiet sitt syn på innleige. Frykta er at ei innstramming vil gjere situasjonen meir vanskeleg for dei store nybyggingsverfta – som allereie er i ein pressa situasjon.

– Vi ønsker ikkje å knekke næringa ved å innføre krav om innleigde som gjer det umogleg for bedrifter å operere. Vi seier heller ikkje at innleige skal bli forbode. Det er nødvendig for å ta toppane, spesielt i maritim industri som er sopass syklisk, svarar Per Vidar Kjølmoen (Ap) til NETT NO på spørsmål om korleis ein kan skjerpe reglane utan at det får negative konsekvensar for verfta.

Vil ha dialog om innstramming
Kjølmoen som er partiet sin toppkandidat i Møre og Romsdal, meiner likevel bruken av innleige har gått for langt i delar av bransjen. Ap-toppen viser til at han i fjor haust fekk fortald under eit verftsbesøk at berre 1 av 12 arbeidarar var fast tilsette.

– Hovudregelen må vere fast tilsetting for fast arbeid, og vi må ha ein større del fast tilsette i maritim industri. Det seier også bransjen sjølv at dei ønsker - men at dei manglar fagarbeidarar, seier han.

Vi ser eit problem som må løysast, og det må vi gjere saman med bransjen
Per Vidar Kjølmoen

– På kva tidspunkt er det aktuelt å innføre innstrammingar på innleige?

– Det må vi ta i dialog med bransjen og det er ingen som ønsker å knekke denne næringa i Møre og Romsdal ved å innføre krav som bransjen ikkje har moglegheit til å nå, men vi ser eit problem som må løysast, og det må vi gjere saman med bransjen, påpeiker Ap-toppen.

I partiet sitt program står det lite konkret om korleis partiet vil stramme inn på bruken av innleige. Men det står mellom anna at partiet berre vil at det skal vere tillate ved reine vikariat, mellom produksjonsbedrifter og etter avtale med tillitsvalte.

Trur på meir aktiv næringspolitikk
På eit meir overordna plan meiner Kjølmoen ein meir aktiv næringspolitikk i regi av Arbeiderpartiet, vil skape meir aktivitet i maritim næring generelt.

– Staten kan også bidra med motkonjunkturtiltak, påpeiker han.

Videre viser Ap-politikaren til satsinga på norske fagarbeidarar som Ap har løfta sentralt, og til løftet om å satse 50 millionar kroner ekstra på yrkesfaga i Møre og Romsdal.

– Vi må få fleire ungdom i Møre og Romsdal til å velje fagutdanning og sørgje for at dei får læreplass, og blir fagarbeidarar, påpeiker fylkesleiaren.

Vil ha fleire TAF-elevar
NETT NO spurde Ap-politikaren om saka under eit besøk ved Kongsberg Maritime onsdag. I den samanheng lurte kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime om det var håp om fleire sokalla TAF-plassar i vidaregåande.

Det er elevar som kombinerer eit praktisk og teoretisk løp, og Wollebæk påpeiker at desse elevane har vore «gull verd» for Kongsberg, og at mange av dei seinare blir flinke ingeniørar.

– Vi må snu den utviklinga, svara Kjølmoen, og viste til at det har vorte lagt ned fleire slike linjer dei siste åra grunna dårleg fylkesøkonomi.

– Det er heilt feil politikk for Møre og Romsdal fylke og vi må diskutere på fylkesnivå kva slags behov som finst i næringane framover, la Ap-politikaren til.

Publisert: 18.08.2021 16:06

Sist oppdatert: 19.08.2021 00:43

Mer om