Internasjonal møteplass med Nordvestlandet på laget
Klyngene på Nordvestlandet var dei første Birgit Lioddden fekk med seg då ho skulle bygge ein digital møteplass for havnæringane.
TOOL, The Ocean Opportunity Lab, blei lansert tidlegare i haust og er en møteplass som skal koble gründerar med nye idear med bedrifter og ressurspersonar som kan hjelpe til med å sette ideane ut i livet.
Målet er å medverke til å bruk og utnytting av ressursane i havert skal skje meir miljøvenleg enn i dag,
Dei første næringsklyngene som blei med som partnarar var NCE Blue Legasea og GCE Blue Maritime, med base i Ålesund. Partnarskapen omfattar heile ÅKP-miljøet.
TOOL har arbeidd i to år for å utvikle TOOL Spawn, ein digital og verdsomspennande møteplass som skal vere ein "Tinder for endringsagentar", sa dagleg leiar og primus motor Birgit Liodden då ho møtte studentar i Ålesund tidlegare denne veka.
Ho har tidlegare vore sjef for Nor-Shipping og direktør for Oslo Business Region og kjenner godt til det maritime miljøet på Nordvestlandet.
Frustrasjon
Utgangspunktet for TOOL Spawn var ein frustrasjon over kor vanskeleg det er for gründerar å finne dei rette personar og bedriftene som kan hjelpe dei fram, fortalde Liodden på møtet.
- Veldig mykje av innovasjonsprosessane er avhengig av kvar vi er fysisk, sa Liodden.
Ein digital møteplass skal oppheve denne begrensninga og algoritmar skal hjelpe til å finne dei beste koblingane.
TOOL Spawn sin hovudfunksjon er ikkje å koble gründerar og investorar, men å koble gründerane opp til dei beste rådgivarane og miljø å samarbeide med, fortel Liodden til NETT NO.
Utfordringa for gründerar er ikkje berre pengar, vel så viktig kan til dømes vere å få sjansen til å bli med i eit forskningsprosjekt og finne bedrifter som kan vere pilotbedrifter.
Betre på berekraft
Liodden inviterte til eit tettare samarbeid mellom gründermiljøet i Oslo og det maritime miljøet på Nordvestlandet då ho hadde eit innlegg på Haramskonferansen i 2019.
Der etterlyste ho og meir satsing på berekraftige løysingar frå Nordvestlandet si side.
– Det Møre og Romsdal faktisk ikkje er best på enno, er berekraftige løysningar. Ålesund er kjent i Noreg og innan dei næringane som klynga jobbar med nå. Men om vi ser utover eigen bransje til alle dei som jobbar med berekraft rundt i verda, så kjenner dei ikkje til Ålesund, sa Lioddden.
Publisert: 05.11.2021 06:00
Sist oppdatert: 05.11.2021 11:43