Elektrisk lastebil montasje Jogeir Munkeby Lars Christian Engø 11
VENTAR FLEIRE SLIKE: Grunna kaoset i flytrafikken deltok Jogeir Munkeby (oppe) frå Gasum og Lars Christian Engø frå Eviny Elektrifisering digitalt. Dei ventar at fleire i tungtransporten vil satse på alternative drivstoff. Ekornes var tidleg ute med å ta i bruk elektrisk lastebil levert frå Wist Last & Buss på Digernes. Skjermfoto
Nytt

Fleire snusar på biogass og hydrogen

Digerneset er først ute her til lands. Men Norge er i ferd med å sakke akterut, åtvarer utbyggjar.

Marius Rosbach
28.06.2022

Interessa er no blitt så stor at dei ventar ei større utbygging av fyllestasjonar for hydrogen og biogass, saman med ladestasjonar for tungtransporten.

Det var meldinga frå fleire av aktørane som står bak satsinga på ein framtidsretta servicestasjon på Digerneset Næringspark.

– No er det nok aktørar som har ulike ting på gong til at dei som skal levere hydrogen og biogass tør å satse, fortalde Erland Reite i Digerneset Næringspark då planane blei lansert.

Investering på 80-100 millionar

Måndag kunne prosjektleiaren fortelje at dei om kort tid startar å bygge servicestasjonen som ligg an til å bli den første av sitt slag i Norge.

Her blir det fyllestasjonar for hydrogen og flytande biogass til tungtransporten. Same plass kjem ladestasjonar som kan betene fleire store køyretøy samtidig. Ladetida skal kunne bli på ned mot kvarteret. Ein vaskehall for køyretøy på opptil 25 meter høyrer også med.

Prislappen på den samla investeringa inkludert tomteverdien, er anslått til 80 til 100 millionar kroner. Noko blir klart allereie i haust, men heile anlegget skal stå klart neste sommar.

Desse aktørane er med på satsinga

  • Gasum As bygger fylleanlegg for biogass.
  • Westgass Hydrogen bygger fylleanlegg for hydrogen.
  • Eviny Elektrifisering (tidlegare BKK) bygger hurtigladarar for storbilar.
  • Storbilvasken As bygger vaskehall for bilar opptil 25 meter.
(saka held fram under)
Digernes energistasjon 3
SERVICESTASJON: Slik blei planane for ein servicestasjon ved Digernes Næringspark presentert måndag. Illustrasjon: Digerneset Næringspark

Interesse frå entreprenørar og laksenæringa
Kommersiell direktør Arne Åkerlund i Westgass Hydrogen fortalde at stasjonen blir den første fyllestasjonen dei bygger. Det Stavanger-baserte selskapet starta som naturgassleverandør i 2015, men har snudd seg om og satsar på hydrogen og amoniakk.

– Innan 2026 har vi planar om å bygge 25 fyllestasjonar for hydrogen. Og vi startar på Digerneset, sa Åkerlund under presentasjonen.

Også selskap som i dag driv med laksetransport med diesel har vist interesse
Arne Åkerlund
Åkerlund meiner det er eit godt potensiale for å få meir tungtransport over på hydrogen. Han fortalde at fleire forhandlarar av lastebilar no er på full fart inn med nye modellar.

Vidare har dei dialog med fleire store entreprenørar som har bestemt seg for å legge om.

– Også selskap som i dag driv med laksetransport med diesel har vist interesse, la han til.

– Vi har sakka akterut
Westgass vil ikkje ha eigen produksjon av hydrogen på Nordvestlandet, men som kjent har Ålesund-selskapet Norwegian Hydrogen planar om fabrikkar både på Hellesylt og ved Sjøholt.

Hydrogen er mellom dei sju satsingsområda der regjeringa vil at Norge skal auke eksporten. Men Åkerlunde åtvara om at våre naboland no var kome lengre på fleire område.

– Under eit stort hydrogenforum nyleg fortalde deltakarar frå Sverige og Danmark at Norge låg langt framme for nokre år sidan, men at vi har sakka akterut, sa han.

Ei årsak kan vere at svenske og danske styresmakter gir langt meir støtte til hydrogenprosjekt, enn norske bedrifter får via Enova, meinte Åkerlund.

Finskeigd kjempe på biogass

Fyllestasjonen for flytande biogass kjem frå selskapet Gasum. Dei er eigd av den finske staten og har stor biogassproduksjon i Sverige.

Forretningsutviklar Jogeir Munkeby kunne fortelje at interesse for biogass også er aukande. Miljøargumentet er det viktigaste, men no for tida slår biogass også diesel på pris.

– I løpet av få år vil vi få få 25 fyllestasjonar med flytande biogass, slik at ein kan køyre store delar av landet, fortalde han.

Digernes-stasjonen vil saman med deira andre stasjonar gjere det mogleg å køyre Ålesund-Trondheim-Oslo på biogass, ifølgje Åkerlund.

Har planar om fleire ladestasjonar
Prosjektleiar Lars Christian Engø fortalde at Eviny Elektrifisering tidlegare har jobba mest med ladestasjonar for personbilar, men no ser meir på marknaden for lastebilar.

– Vi har lyst til å bygge ladestasjonar i heile Norge, og har i dag eit stort hol i Midt-Norge som vi ønskjer å fylle, fortalde han.

Med andre ord passa næringsparken ved Digernesskiftet godt inn.

Ladestasjonane som truleg kjem allereie til hausten, kan også vere dei første av fleire. Engø fortalde at dei har planar om å utvide med ladarar for tungtransporten på døgnkvileplassen.

Publisert: 28.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 27.06.2022 23:52

Mer om