Fotoshoppa bilde fra
FÅR STØTTE: Slik ser oppdrettselskapet Bjørøya i Trøndelag for seg eit flytande solcellekraftverk på eitt av sine oppdrettsanlegg. Selskapet er eitt av fire som har fått tilsagn om støtte til fornybar energiproduksjon på oppdrettsanlegg. Biletmontasje: Bjørøya
Nytt

Solenergi kan få hjelp av statsstøtte

Fire selskap får støtte til å få laga fornybar kraft på fôrflåtar. Tidlegare Inseanergy er sjølv mellom dei.

13.09.2024

Alotta - tidlegare Inseanergy - i Ålesund lagar flytande solcelleanlegg, mellom anna for oppdrettsanlegg. Forventingane var 63 millionar kroner i inntekt i fjor, ifølgje eit prospekt i samband med ei kapitalinnhenting i 2023.

Fasit blei 2,4 millionar kroner i inntekt i 2023.

Ei støtteordning som statlege Enova administerer, kan gi draghjelp til bedrifter som leverer anlegg for fornybar kraftproduksjon til oppdrettsanlegg.

Vil støtte seks prosjekt
Alotta er blant dei som får støtte. Til saman har dei fire søkarane som har fått tilsagn, søkt om støtte til seks prosjekt.

Dette er dei som har fått tilsagn ifølgje Enova:

Oppdrettarar nøgd med første anlegget
Oppdrettsanlegget på lokaliteten Dysjaneset i Sande som eventuelt får eit Alotta-anlegg, tilhøyrer torskeoppdrettselskapet Ode.

Selskapet har allereie eitt Alotta-anlegg.

«Vi er veldig fornøyde med Inseanergy-anlegget vi har på Alida og har som mål å få på plass flere slike på sikt. En slik grønn strømproduksjon på våre oppdrettsanlegget gjør matvarene vi produserer enda mer bærekraftig, samt at det har en rekke fordeler for lokaliteten og driften der. Dysjaneset er en av lokalitetene hvor en slik løsning er tiltenkt, men ettersom detaljprosjekteringen av selve anlegget enda ikke er gjennomført, har vi ikke konkludert på om dette kommer med i byggetrinn 1».

Det skriv kommunikasjonsansvarleg Falk D. Øverås i torskeoppdrettselskapet Ode i ein e-post. (E-posten var sendt før Inseanergy skifta namn, journ. anm.).

Kan få inntil 10 millionar kroner
Det er statlege Enova som administrerer støtteordninga.

Den første fristen for å søke støtte gjekk ut i sommar, den neste er i november i år.

Selskap som til dømes vil bygge flytande solcelleanlegg til oppdrettsanlegg, kan få inntil 10 millionar kroner i støtte. Støtta er avgrensa til 45 prosent av kostnadane (50 prosent for små og mellomstore verksemder, journ. anm.).

Søknadar om meir enn tre millionar kroner i støtte, må vere meir omfattande enn søknader om mindre beløp.

Les om støtteordninga her (ekstern lenke)

Publisert: 13.09.2024 11:30

Sist oppdatert: 13.09.2024 11:21

Mer om