Havila Capella ålesund Skansekaia foto kjetil 11
ÅLESUND: Havila Capella skal segle frå Måløy til Ålesund under konferansen i starten av mai. Her er skipet på Skansekaia under jomfruturen i desember. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Konferanse om skipstunnel til sjøs

Det nye kystruteskipet skal segle Måløy-Ålesund medan ein rekke aktørar om bord diskuterer moglegheitene milliardsinvesteringa gir.

Marius Rosbach
14.03.2022

Styringsguppa for utviklingsarbeid rundt Stad skipstunnel inviterer 5. mai til konferanse om samferdselsprosjektet som snart skal byggjast.

– Alle med interesse for verdas første skipstunnel får no ein unik sjanse til å vere saman og diskutere moglegheiter for ringverknadar langs kysten vår, heiter det i invitasjonen sendt ut av Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande.

Gruppa består av dei tre kommunane Stad, Kinn og Vanylven, som arrangerer konferansen med sine vekstselskap.

Store forventingar til ringverknadene
Det er store forventingar til kva ringverknader skipstunnelen kan gi, både når det kjem næringsutvikling og offentleg infrastruktur.

Det er venta at tunnelen vil gi auka tryggleik for skipsfarten, endra transportmønstre og auka turisme.

Styringsguppa skriv at dei vil setje fokus på moglegheitene for flytting av persontransport og gods til sjø, der både tryggleik, regularitet og punktlighet aukar.

Grøn skipsfart, hurtigbåt og sjømat er tema

Representantar frå både regjering, fylkeskommunane, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet, Mowi, Kystalliansen, Norled, Fjord Norge, NHO Vestland og Havila Kystruten er mellom dei som er invitert om bord.

– Til konferansen er det henta inn fleire innleiarar som vil snakke om grøn skipsfart, hurtigbåtforbindelse Ålesund - Bergen, verdiskapinga i sjømatnæringa, presentasjon av lokale utviklingsprosjekt, og ikkje minst korleis Stad skipstunnel kan bli eit internasjonalt reiselivsikon, heiter det vidare i invitasjonen.

På veg nordover vil Havila Capella skal segle inn Moldefjorden der innløpet for skipstunnelen sørsida kjem. Vidare går turen rundt Stadt, gjennom Flåværleia, med stopp i Torvika og deretter til Ålesund.

Publisert: 14.03.2022 12:13

Sist oppdatert: 14.03.2022 12:18

Mer om