Terje aasland IKKE GJENBRUK foto npk
HAVVIND-PLANER: Olje- og energiminister Terje Aasland presenterer tysdag sentrale rammevilkår for utbygging av havvind på Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Store område lysast ut til havvind

Ein merkedag meiner bransjeorganisasjon om at forslag som no er ute på høyring.

06.12.2022
(NPK-NTB-Steinar Schjetne og Marius Helge Larsen): Regjeringa foreslår eit system for tildeling av lisensar på havvind og ber no om innspel frå bransjen. Store område skal lysast ut i første kvartal neste år.

Planen til regjeringa er å lyse ut første fase av Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord ved utgangen av første kvartal 2023 og tildele areal seinare same år. Det kallar olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) «eit stort og viktig skritt vidare».

– No presenterer vi rammene for tildeling i Utsira nord og dei første områda i Sørlege Nordsjø II. Samarbeid er ein nøkkel for å lykkast, og eg håpar vi får mange innspel i høyringa som no blir send ut. Dette vil setje standarden for havvind i Noreg, sa Aasland (Ap) då han presenterte forslaget.

– Vi ber no om innspel til mellom anna prekvalifisering, auksjonsmodell og støtteordning, sa han. Industrien har éin månad på seg til å komme med synspunkt og innspel.

Store investeringar
Regjeringa skal tildele havareal som skal gi moglegheit for ein kraftproduksjon på 30.000 megawatt innan 2040. Det er like mykje som den samla kraftproduksjonen i Noreg i dag og kjem til å krevje store investeringar frå leverandørindustrien.

Ifølgje Sintef utløyser ei utbygging i denne storleiksordenen eit investeringsbehov for 1.000 milliardar kroner.

– Tek vi den europeiske marknaden med oss, så snakkar vi om kanskje tigangen, altså 10.000 milliardar kroner, sa Aasland.

Dei første vindmøllene kan starte kraftproduksjon i 2030, men Aasland håpar det kan skje endå tidlegare, mellom anna ved at ein reduserer behandlingstida for konsesjonssøknader.

Næringa: Merkedag
Styresmakta må trø til med støtte, men beløpet er avhengig av kva for prisnivå straumen kjem til å ha i åra framover. Støttebeløpet skal haldast så lågt som mogleg, påpeikar statsråden. Han avviser å kommentere tal no og seier han vil komme tilbake til det i ein eigen proposisjon til Stortinget.

Bransjeorganisasjonen Offshore Norge meiner nyheita markerer ein merkedag i satsinga på ei havvindnæring. Dei er opptekne av at regjeringa held seg til tidsplanen sin.

– Fleire land ser dei same moglegheitene for å utvikle ei havvindnæring og leverandørindustri, og det er derfor avgjerande at regjeringa held oppe tempoet, seier administrerande direktør Hildegunn T. Blindheim.

(©NPK)

Publisert: 06.12.2022 11:09

Sist oppdatert: 06.12.2022 11:17

Mer om