Bent martini dåp i herøy foto Ogne
KYSTRUTEN-SJEF: Administrerande direktør Bent Martini i Havila Kystruten under skipsdåp i Herøy nyleg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kystruten-direktør med aksjekjøp

Reiaraksje i handel under emisjonskurs.

Marius Rosbach
23.12.2022

Administrerande direktør Bent Martini i Havila Kystruten handla fredag aksjar i reiarlaget for kring 180.000 kroner.

Kjøpet av 15.000 aksjer til en pris på 12 kroner aksjen, er gjort av Martini sitt investeringsselskap Benmar Invest, ifølgje ei børsmelding.

Ved 11.30-tida hadde aksjekursen falle nye 0,88 prosent, etter at den stupte med meir enn 30 prosent dagen i forvegen.

Reaksjonen kom etter ein retta emisjon på 300 millionar kroner etter børsslutt onsdag. Reiarlaget vil også gjere ein tilleggsemisjon til kurs på 12 kroner aksjen.

Reparasjonsemisjonen er ope for alle eksisterande investorar som ikkje var med på hovudemisjonen. Men om kursen på børsen er lågare enn emisjonskursen, vil truleg få la seg freiste.

Jobbar framleis med finansiering
Kystruten-reiarlaget har framleis ikkje på plass ei endeleg finansieringsavtale for alle fire skipa dei har under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia.

Reiarlaget måtte nyleg også utsette jomfruseglasen til sitt tredje skip Havila Polaris til nyåret.

Vann strid om 450 millionar
Samtidig vann reiarlaget rettssaka mot spanske verftet Barreras som opphavleg skulle bygge to av Kystruten-skipa.

Striden gjaldt 450 millionar kroner og dommen ga Havila fullt medhald i at kanselleringa som Herøy-reiarlaget foretok var rettmessig. Domen er ikkje rettskraftig.

Publisert: 23.12.2022 11:37

Sist oppdatert: 23.12.2022 12:00

Mer om