Espen Sundgot foto Ogne
IKKJE NOK FOLK: Noreg har ikkje nok kvalifiserte folk til å fylle jobbane som skal fyllast, etter Espen Sundgot i Yapril si vurdering
Nytt

Like tøft å rekruttere som under oljeboomen

Rekrutteringspesialist Espen Sundgot ber bedriftene sjå mot utlandet.

21.02.2022

- For min del minner situasjonen mykje om korleis det var i 2012 og 2013, sa Espen Sundgot på eit digital møte om rekruttering i regi av Molde Næringsforum i førre veke.

Det er blitt like tøft å rekruttere som under oljeboomen.

Sundgot er grunnleggar og største aksjonær i rekrutteringsselskapet Yapril, som har spesialisert seg på å rekruttere spesialistar og leiarar.

Selskapet har kontor i Molde og Ålesund, og hovudmarknaden mellom Trondheim og Bergen, men selskapetser over heile verda når nye folk skal rekrutterast.

It og industri
Sundgot peikar på ekspertar innan mekanisk produksjon, engineering, automasjon og it som ein del av arbeidsmarknaden som der tilbodet av kompetente folk er knapt i høve til etterspørselen.

Nett no er arbeidsmarknaden blitt slik at det er naudsynt å sjå ut over landegrensene. Det er rett og slett ikkje nok kvalifiserte folk i Noreg til å fylle jobbane som skal fyllast, etter Sundgot si vurdering.

Når arbeidsløysa er under tre prosent er det ikkje noko slakk i arbeidsmarknaden.

Leitar du berre i Noreg, risikerer du at du ikkje finn kompetansen du treng, og/eller at det blir for dyrt, er bodskapen frå Sundgot til bedriftene som er på jakt etter folk.


Kartlegg kandidatar
I 2012/2013 var det spesielt verft og maritim industri som var på jakt etter folk. Yapril satsa på å kartlegge marknaden for kvalifiserte kandidatar i Vigo i Spania, der det er ein verftsindustri og der der då var høg arbeidsløyse.

Kartlegging og utnytting av nettverk er stikkordet for korleis Sundgot rår bedriftene til å jobbe med rekruttering frå utlandet.

Kartlegg kvar i verda du finn den kompetansen du treng, og bruk alt du har av nettverk for å finne moglege kandidatar som kan jobbe for di bedrift.

Opne også opp nettsida di for opne søknadar, og bygg opp ei gruppe kandidatar på den måten, seier Sundgot.

Lettare å pendle
I 2012/2013 handla rekrutteringsjobben også om å få folk til å flytte til Noreg for å jobbe herifrå.

I dag har telekommunikasjon gjort det mindre kritisk, mange tilsette frå utlandet kan arbeid i Noreg i periodar og eller frå heimlandet.

- Det aukar fleksibiliteten, seier Sundgot.

Publisert: 21.02.2022 06:00

Sist oppdatert: 20.02.2022 19:58

Mer om