Kan bli to Hyperthermics-emisjonar i år
Forhandlar om kontraktar i 100-millionarklassen. Les kor mykje pengar selskapet vil hente i emisjonane.
Ideen til Hyperthermics i Ulsteinvik er å bruke bakteriar under høg temperatur for å få fart på nedbrytingsprosessen av biologisk materiale i biogassanlegg.
Poenget er å utvide produksjonskapasiteten i anlegga utan store og plasskrevande investeringar. Prosessen kan og brukas i proteinproduksjon basert på restråstoff frå havbruksnæringa.
I løpet av 2021 har Hyperthermics inngått fleire intensjonsavtalar og testanleggavtalar som kan ende opp som store oppdrag for selskapet.
Nokre av dei, og andre avtalar, er det Hyperthermics-sjef Erlend Haugsbø, siktar til som kontraktar i 100-millionarsklassen.
200 millionar
Noe er Hyperthermics i gang med ein kapitalutviding på 50 millionar kroner, mellom anna frå eksisterande aksjonærar.
Målet er å få den i boks i første kvartal eller tidleg i andre kvartal.
Neste steg ei ny kapitalutviding på 100-200 millionar kroner. Den kapitalutvidinga blir utløyst av at minst ei av dei store kontraktane selskapet arbeider med, blir signert, ifølgje Haugsbø. Håpet er å kunne gå ut og hente inn pengar i løpet av 4. kvartal i år, men kapitalutviding kan og bli utsett til etter årsskiftet.
Børsnotering
Ei ny og større kapitalutviding blir truleg kobla til ei børsnotering, eller ein plan om børsnotering, av selskapet.
Det er ikkje endleg avgjort om selskapet skal børsnoterast i samband med den neste kapitalutvidinga, men det er den mest sannsynleg alternativet for å sikre at investorar som blir med også har ein utgang frå investeringa, ifølgje Haugsbø.
Verdsett til 200 millionar
I 2021 og 2020 har Hyperthermics kjøpt ut fire aksjonærar, aksjar som i mai i 2021 vart seld til Ronja Capital II (Halsebakkfamilien), Frode Kjølås og Peder Stette sitt investeringsselskap.
Trioen betalte rundt 47 millionar kroner for aksjane, ein transaksjon som verdsette Hypterthermics til omlag 200 millionar kroner.
Hyperthermics spring ut av miljøet rundt Natural-gründer Jan Remmereit i Hovdebygda. Selskapet var eitt av selskapa som blei etablert etter at han selde aksjane sine i Natural til Kjell Inge Røkkes Aker i 2006.
Selskapet har gjennomført fleire kapitalutvidingar og i 2018 vart innsatsen auka, med fleire tilsette og hovudkontoret plassert i Ulsteinvik.
Publisert: 28.02.2022 06:00
Sist oppdatert: 27.02.2022 23:09