Gamle partnarar i ny rettsrunde
Dei tidlegare samarbeidspartnarane Coast Seafood og Blom-familien har strides i rettsapparatet sidan 2020. No er det ei ny runde.
Konflikten mellom oppdrettselskapet Blom Fiskeoppdrett og lakseeksportøren Coast Seafood blei offentleg kjent i slutten av 2020, då Blom Fiskeoppdrett stoppa leveringane av fisk til Coast Seafood.
Blom Fiskeoppdrett, med Blom-familien i Hordaland som største eigar og Coast Seafood i Måløy som minoritetseigar, avtalte i 2014 at Coast Seafood skulle ta seg av salet av fisken frå Blom Fiskeoppdrett.
Skulding om underpris
I 2020 stoppa Blom Fiskeoppdrett leveringane og skulda Coast for å ha betalt underpris i lang tid. Bergen Tingrett påla i ein kjennelse at Coast Seafood måtte gi Blom Fiskeoppdrett utskrift frå Coast Seafood sitt handelssystem for alle transaksjonar for alle leverandørar sør for Trondheim frå 2014 fram til i dag.
Coast Seafood avviste skuldingane og avgjerda vart anka, og partane enda til slutt med at spørsmålet om Blom sin leveringsnekt og skuldingane om underprising skulle behandlast i ein privat voldgiftsrett. Ei avgjerd i voldgiftsaka er venta "i nær fremtid", ifølgje sluttinnlegget frå advokatfirmaet Bahr, som representer Coast Seafood i rettsaka som no går i Hordaland Tingrett.
Krev erstatningsansvar
Rettsaka i Hordaland Tingrett startar i førre veke og varer ut i denne veka. Den handlar om medlemane i Blom-familien har brote aksjonæravtalen mellom eigarane i Blom Fiskeoppdrett.
Den utløysande årsaka til rettsaka er at Blom-familiens selskap Blom Gruppen inngjekk våren 2021 ein avtale om eit driftssamarbeid mellom Blom Fiskeoppdrett og Ola Braanaas sitt oppdrettselskap Firda Seafood Group.
Coast Seafood meiner denne avtalen er eit brot på aksjonæravtalen i Blom Fiskeoppdrett, og at Coast Seafood har rett til å legge ned veto mot avtalen om driftssamarbeid. (Driftsamarbeidet og forslag om styreplass for Firda Seafood Group-representantar er stogga inntil vidare, i ei tidlegare rettsak).
No krev Coast Seafood at retten stadfestar at Coast Seafood har vetorett, at avtalen om driftssamarbeid med Firda Seafood Group er rettsstridig og at motparten er erstatningsansvarleg for tapet Coast Seafood har lidd. (Coast Seafood krev ikkje erstatning i denne rettsaka, berre at at motparten blir kjent erstatningsansvarleg).
Ville unngå forkjøpsrett
I følgje sluttinnlegget (ei kort oppsummering av krav, bakgrunn og argument som blir levert retten før tvistesaker startar) frå Bahr, hadde Blom Gruppen økonomiske vanskar. Det kunne utløyst at det var naudsynt å selge aksjane i Blom Fiskeoppdrett Fiskeoppdrett. I så fall hadde Coast Seafood forkjøpsrett.
I følgje sluttinnlegg gjorde avtalen med Firda Seafood Group at Blom Gruppen i staden fekk 150 millionar kroner, men skulle til gjengjeld støtte driftssamarbeidet mellom Blom Fiskeoppdrett og Firda Seafood Group.
Blom Gruppen avviser alle krav frå Coast Seafood. Det er korkje snakk om ein vetorett, brot på aksjonæravtale eller noko økonomisk tap.
"Slik Blom Gruppen og de øvrige saksøkte ser det, er det Coast som har opptrådt og fortsetter å opptre illojalt og i strid med Aksjonæravtalen, både overfor Blom Gruppen og Blom Fiskeoppdrett, ved å prioritere å forfølge egne særinteresser som part i Salgsavtalen og som videreselger og eksportør av fisk.", skriv advokatfirmaet Garmann & Mitchell i sitt sluttinnlegg. Garmann & Mitchell fører saka for Blom Gruppen og Blomfamilien.
Publisert: 14.03.2022 06:00
Sist oppdatert: 25.03.2022 15:20