Arnfinn Ingjerd montasje
– AMBISIØST: Dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest meiner regjeringas industriløft er ambisiøst, men treng meir konkretisering. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Maritimt Forum spesielt nøgd med fire tiltak

Men to av dei fire punkta i regjeringas industriløft må vente på vidare utgreiing.

Marius Rosbach
24.06.2022

(NETT.NO-NPK-NTB): Ein rekke av tiltaka i regjeringas 100-punktsplan for eit grønt industriløft, er godt nytt for maritim industri langs kysten.

Det fortel dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest i ei pressemelding.

Klimapartnarskap og havvind
Eitt av punkta gjeld klimapartnarskap i utvalde næringar, som Ingjerd meiner er eit «framtidsretta tiltak».

Også planen for havvind som eitt av sju satsingsområder, meiner Ingjerd er «veldig bra». Det er venta at denne industrien vil gi oppdrag til heile den maritime klynga framover.

– Satsinga er no i ferd med å materialisere seg i konkret politikk. Vi ser fram til konsesjonstildelingar på Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II våren 2023, uttaler Ingjerd i meldinga.

Styrking av Eksfin og EØS-utgreiing
Å utrede mulegheitene for å styrke Eksfin og utgreie handlingsrommet i EØS-avtalen når det gjeld statlege kjøp av skip, blir også teke godt i mot av Maritimt Forum Nordvest.

Dette er tiltak som spesielt kan gi auka aktivitet hos norske verft. Men begge tiltaka krev altså eit vidare arbeid før dei eventuelt blir sett ut i live.

Når det gjeld vidare tiltak, kjem Arnfinn Ingjerd med følgjande råd.

– I statdsbudsjettet il hauasten bør regjeringa foreslå forsert utbygging av standardiserte fatøy til Sjøforsvaret, meiner han.

Satsar på sju område
Hos opposisjonen er tilbakemeldingane delte. Høgre og Venstre meiner det er lite nytt i vegkartet som regjeringa kallar «tidenes grøne industriløft».

Regjeringa vil satse på sju område: Havvind, hydrogen, batteri, maritim industri, CO2-handtering, og skog og bioøkonomi. Dessutan skal prosessindustrien, som til dømes aluminiumsverk, få hjelp til å få ned utsleppa.

– Veldig mange gamle nyheiter
Venstre fann lite nytt i løfta frå næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

– Her er det så langt eg kan sjå, veldig mange gamle nyheiter selde inn som nye tiltak, masse som regjeringa har vorte pressa til av Stortinget og som regjeringa gjer til sine eigne tiltak, seier nestleiar Sveinung Rotevatn i Venstre til Dagens Næringsliv.

Saknar nye konkrete forslag
Høgres Linda Hofstad Helleland spør etter konkrete tiltak.

– Næringsministeren lovar eit industriløft, men kvar er løftet? seier ho.

– Vi er overraska over at regjeringa ikkje nyttar moglegheita til å presentere konkrete nye forslag som vil hjelpe industrien allereie no til fleire etableringar, større investeringar og tempo, legg ho til.

SV meiner oljeindustrien står i vegen for planane, medan Raudt rosar regjeringa for å ta ei aktiv rolle.

Publisert: 24.06.2022 10:04

Sist oppdatert: 24.06.2022 14:35

Mer om