Onsdag kom nyheita om at divisjonen Sunnmøre og Fjordane, som blei oppretta etter Sparebank1 Søre Sunnmøre blei innlemma i Sparebank1 SMN, forsvinn.
Samtidig som fleire har slutta i leiargruppa for divisjonen, går konserndirektør Stig Brautaset over i ny rolle som rådgivar for konsernleiinga.
Brautaset fortel at det dreiar seg om å justere kartet etter terrenget, og at mange av endringane allereie har skjedd.
– Volda får framleis ein sterk posisjon ved at vi har alle funksjonane på plass på same stad, seier han til Nett No.
Han viser til at dei har alt frå bedriftsrådgiving, personmarknad, eigedomsmeklar og rekneskap. I tillegg har dei personar som mellom anna jobbar med HR, kommunikasjon, forretningsutvikling og anti-kvitvasking.
– Det blir satsa tungt på Volda og vi brukar samtidig titals millionar på å ruste opp bygget, seier Brautaset.
Fleire tilsette etter fusjonen
Framover vil Volda ha status som sokalla finanshus, som er det nye konseptet banken satsar på.
Brautaset fortel vidare at banken aldri har hatt fleire tilsette i arbeid i Volda enn i dag.
– Sidan fusjonen er det tilsett ein god del fleire årsverk i Volda og på søre Sunnmøre elles, seier han .
– Vi har fleire rekrutteringsprosessar i gang. Ein av dei første dagane skal vi ut og rekruttere fleire årsverk innan kapitalrådgiving og private banking, som er ein del av satsinga som blei forsterka etter fusjonen, legg han til.
Avdelingsleiar gjekk til konkurrent
Ole-Magnus Orlien som har leia Sparebank 1 SMN si satsing på kapitrådgiving frå banken sitt kontor i Volda, gjekk i haust til konkurrenten i Sparebanken Møre.
Også Sigrun Heltne Vartdal som var leiar for næringslivsmarknaden på søre Sunnmøre, har slutta i banken.
Medan det blir jobba med å rekruttere ein etterfølgjar til Vartdal, ligg det i korta at Orlien si rolle forsvinn frå søre Sunnmøre. Han har leia ei avdeling på kring 30 personar der berre seks-sju hadde kontorstad på Sunnmøre. Resten jobbar i Trondheim.
– Det blei ein naturleg konsekvens av at det kom inn eit team frå Danske Bank som vi ikkje visste om på tidspunktet for fusjonen. Då fekk vi eit heilt anna anna tyngdepunkt, seier Brautaset.
Kan handtere større bedriftskundar enn før
Til dei som gjekk inn for at Sparebank 1 Søre Sunnmøre skulle gå inn i Sparebank 1 SMN grunna funksjonane som då blei oppretta, har Brautaset følgjande kommentar:
– Det viktigaste er at vi har masse tilsette og kompetansearbeidsplassar, der folk har fått moglegheit til å jobbe inn mot ein bedriftsmarknad vi ikkje kunne tidlegare. Etter fusjonen har vi høve til å handtere langt større kundar enn før, seier Brautaset.
Han viser også til opprettinga av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre i samband med fusjonen.
– Fjordane er framleis eit satsingsområde
Organiseringa med ein divisjon for Sunnmøre og Fjordane, skulle mellom anna styrke banken si satsing i Fjordane, som utgjer tidlegare Sogn og Fjordane fylke nord for Sognefjorden.
Den satsinga står framleis ved lag, forsikrar Brautaset.
– Det er ingen endring. Vi har mellom anna styrka bemanninga i Førde, og dei tilsette har akkurat flytta inn i nye og større lokaler. Fjordane er framleis eit satsingsområde, legg han til.
Starta finanshus i Sykkylven
I tillegg til kontor i Ørsta, Ulsteinvik og Herøy, har banken dei siste åra opna kontor i Stryn. Nyleg opna dei også eit sokalla finanshus i Sykkylven.
Det er ei dreiing banken starta i 2021 der dei samlar fleire funksjonar under same tak.
– Det er ei endring som også er positiv for dei tilsette fordi det gir større karrieremoglegheiter. Vi har til eksempel ei som har jobba med formueforvalting som no skal leie finanshuset i Sykkylven, seier Brautaset.
Denne stillinga er éin av dei som blir erstatta ved Volda-kontoret.
Publisert: 16.10.2024 14:15
Sist oppdatert: 16.10.2024 19:56