Fryktar fiskeriet blir overkøyrd av havvind
Erfaringa så langt har ikkje vore god, påpeika nestleiaren i Pelagisk Forening i debatt om havvind.
Medan industrien og reiarforbundet meiner Norge må få opp farta i havvindsatsinga, er fiskarane og sjømatbedriftene uroa for at det blir teke forhasta beslutningar.
Om lag slik kan debatten om havvind under Fosnavågkonferansen torsdag oppsummerast heilt kort.
Men sjølv om debattdeltakarane var samde om at alle interesser skulle bli høyrde, har erfaringa så langt vist noko anna, meinte nestleiar Ola Christian Olsen i Pelagisk Forening.
– Det har vore litt slik at når situasjonen spissar seg til, så blir fiskeriet overkjørt, sa han med henvisning til erfaringa då Hywind Tampen-feltet skulle byggast ut.
Olsen var tydeleg på at han frykta det same ville skje igjen med nye felt.
– Kan bygge ut masse vindkraft på land
Nestleiaren i Pelagisk Foreining kunne heller ikkje sjå kvifor ein
absolutt skal satse på havvind – og ville heller ha vindturbinar på,
eller ved land.
– Kvifor gjer vi det på denne tungvinne måten, spurte Olsen.
– Vi kan bygge ut masse vindkraft på land om vi treng det, meinte han og viste til botnfast havvind som eit betre alternativ.
Nordlendingen påpeika at han sjølv hadde vekse opp med utsikt til vindmøller. Når det kom til havvind, meinte han det smarte valet for Norge, vil vere å roe ned tempoet.
– Vi kan hjelpe andre land til å prosjektere og bygge ut, også kan vi lære av det, meinte Olsen.
Vi kan bygge ut masse vindkraft på land om vi treng det
I panelet deltok også Myklebust Verft-sjefen, Norges Rederiforbund og Sjømatbedriftene, medan Sunnmørsposten-redaktør Jan Erik Røsvik var debattleiar.
Diskusjonen i konserthuset gjekk føre seg i gemyttleg tone, men Røsvik peika på korleis situasjonen har utarta seg i Skottland som ei åtvaring. Der er konfliktnivået høgt og frontane harde. Og fiskarane fryktar å misse halvparten av fiskeområda sine.
– Vi er god på vei til å få den konflikten også her, meinte Helene Kristoffersen som er fagsjef i Sjømatbedriftene for fangstbasert industri.
Åtvara mot forhasta beslutningar
Kristoffersen erkjente at organisasjonen stod litt i «spagat» med medlemmar som har ulike interesser.
– Havvind er ønska og det er behov for det, sa ho.
Likevel åtvara ho mot ei utvikling som kunne føre til at viktige gyteområder blei øydelagd og at fiskarane mista tilgangen til store områder.
Mindre fisk på land, ga mindre råstoff til industrien for eksport – og på sikt færre arbeidsplassar, påpeika fagsjefen.
– Difor er det ekstremt viktig at vi ikkje tar forhasta beslutningar, var hennar konklusjon.
Havvind er ønska og det er behov for det
Andre land har forsprang
På den «andre sida» av panelet var verftsdirektør Lars Conradi Andersen
ved Myklebust Verft og Marte Ziolkowski som er rådgjevar i
reiarforbundet.
Begge var samde om at dei helst vil ha opp tempoet på havvindutbygginga - og at andre land har eit forsprang.
– Det tunge arbeidet i dag skjer ofte i regi av hollandske og tyske selskap, fortalde Myklebust-sjefen.
Han er ikkje i tvil om at det er rett å satse på havvind, og påpeika at vindkraftutbygging på land ikkje har same potensial som havvind for norsk industri.
– Men vi har ikkje noko ønske om å vere ein dampveivals i forhold til andre næringar, påpeika han.
– Viktig å ikkje vente for lenge
Verftssjefen meiner norsk industri står i fare for å gå glipp av moglegheitene som ligg i havvindmarknaden,
– Det er viktig å ikkje vente for lenge, sa Andersen.
– Utfordringa er at dei andre løper, svarte Ziolkowski i reiarforbundet på spørsmål om kva som ville vere verst; å vere for seint, eller for raskt ute i havvindsatsinga.
Rådgjevaren etterlyste tempo med å få dei konkrete rammevilkåra på plass og meinte fiskeriet ikkje haddde grunn til å frykte ei slik utbygging.
Ziolkowski viste til anslag som viste at turbinane berre vil legge beslag på kring ein prosent av norske havområder med dagens politiske ambisjonsnivå.
– Samtidig ser vi eit konfliktnivå om vindkraft på land, som vi for all del må unngå, la ho til.
Publisert: 30.09.2022 05:00
Sist oppdatert: 30.09.2022 11:53