Ulstein Thor innfelt Øyvind Gjerde Kamsvåg Jan Emblemsvåg illustrasjon ulstein design solutions 11
KJEM TIL ULSTEINVIK: Øyvind Gjerde Kamsvåg frå Ulstein Group og Jan Emblemsvåg frå NTNU Ålesund er mellom deltakarane på Ship Technology Days. Då vil mellom anna Ulstein Thor-konseptet stå på dagsorden. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions
Nytt

Nerdetreff for skipsteknologi

Kjernekraft til sjøs og kor mykje eit skip bør vege, er to av fleire tema på konferanse som vil knyte maritim industri til Europa.

Marius Rosbach
02.09.2022

Ulstein Næringsforum inviterer saman med GCE Blue Maritime Cluster i Ålesund og E-Lass til Ship Technology Days 13. til 15. september.

Mellom trekkplasttra til konferansen som er omtala som eit nedretreff for skipsbyggjarar, er Jan Emblemsvåg og Øyvind Gjerde Kamsvåg.

På kvar sine måte utforskar dei bruk av kjernekraft ved hjelp av thorium i skipsfarten, Emblemsvåg som forskar ved NTNU i Ålesund og Kamsvåg som sjefdesignar i Ulstein Group.

– Vi synest det er veldig kjekt at to av dei fremste innan sine fagfelt kjem frå vår region, og at dei får møte forskarar, utviklarar og designarar frå heile Europa her i Ulsteinvik, fortel Anna Klara Måseide i næringsforumet til NETT NO.

Vil knytte band til Europa
Målet med det arrangørane håpar skal bli ein årleg konferanse, er nettopp å knyte det norske skipsbyggjarmiljøet til det europeiske.

– Det kjem forskarar og bransjefolk frå ein rekke ulike land i Europa. Under konferansen får dei også ein tur rundt til den maritime næringa her på søre Sunnmøre, fortel arrangementsleiaren.

Måseide håpar også å fylle opp salen med studentar frå mellom anna NTNU.

– Dette skal vere ein arena der fleire grupper kan møtast, seier ho.

Jobbar for å bygge lettare skip
Vekta på skipa blir via ekstra merksemd under konferansen. Difor er også E-Lass med som arrangør. Dei er ein europeisk organisasjon for aktørar som arbeider med lettvektskonstruksjonar i skipbygging.

– Det gjeld alt frå fritidsbåtar til skipsbygging i stor skala. Vekt er heile tida tida ein faktor. Mellom anna gjer det mogleg ein større elektrisk flåte og opnar for nye innovasjonar i materialval, legg Måseide til.

At vekt er relevant også for større fartøy, er Kjell Inge Røkke sitt Rev Ocean-skip eit døme på. Det skal vere mellom årsakene til at Vard er forseinka med det som ligg an til å bli verdas største yacht og forskingsskip.

Arrangørane av Ship Technology Days- konferansen har planar om å invitere varierande europeiske samarbeidspartnarar framover.

Publisert: 02.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 01.09.2022 20:36

Mer om