Ulstein group besøk bjørnar skjæran foto marius 11
HAVMINISTER: Heile næringa må vere med dersom skipsfarten skal lykkast med grøn omstilling, meiner fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (nr. 2 frå høgre). Her under eit besøk ved Ulstein Verft i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ny rapport viser at innsatsen må aukast

Store mulegheiter for norsk maritim industri - men omstillinga av bransjen framleis berre i startgropa.

NPK
22.03.2022

(NPK): Skal skipsfarten bli grønare og meir berekraftig på innsatsen aukast. Ein ny rapport viser at Noreg har eit stort potensial for å leie an i denne omstillinga.

Den nye rapporten «Grønn maritim – status for omsetning, verdiskaping og sysselsetting», utarbeidd av Menon, viser at det er potensial for store utsleppskutt både internasjonalt og nasjonalt.

Samtidig kan Norge vinne større eksportmarknader, få fleire arbeidsplassar og auke verdiskapinga.

– Skipsfart og maritim sektor har vore viktig for Norge og norsk økonomi, og denne rapporten viser at denne næringa kjem til å spele ein viktig rolle når Norge no går inn i det grøne skiftet. Potensialet for verdiskaping og arbeidsplassar i norsk maritim sektor er stort, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide, i ei pressemelding.

Fleire sterke konkurrentar

Noreg er blant dei fremste i verda til å utvikle og å ta i bruk grøn maritim teknologi, viser rapporten.

Tidleg posisjonering innan grøn internasjonal skipsfart kan utgjere eit betydeleg konkurransefortrinn for det som allereie er ein av Noregs viktigaste eksportnæringar.

Singapore, Nederland og Danmark er blant andre land som investerer kraftig i langsiktig utvikling av nye framdriftssystem og bruk av alternative drivstoff. På teknologisida er spesielt Sør-Korea, Kina og Japan sterke, ifølgje rapporten.

Norge framleis i startgropa
Sidan 2010 har delen låg- og nullutsleppsfartøy som er bygde ved norske verft vore betrakteleg høgare enn verdsflåten sett under eitt.

Rapporten viser samtidig at Noreg er i startgropa for omstilling av maritim sektor. På noverande tidspunkt er rundt 23 prosent av den norske flåten lågutsleppsfartøy og éin prosent nullutsleppsfartøy.

– For å lykkast i den grøne omstillinga av skipsfarten må heile næringa vere med, både reiarlag, verft og utstyrs- og tenesteleverandørar. At norske aktørar leier an på feltet er ein stor fordel, for dette er eit marknad som vil vekse raskt framover, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

(©NPK)

Publisert: 22.03.2022 11:57

Sist oppdatert: 22.03.2022 11:43

Mer om