Ny sjef på «betongen» etter rekordår
Bedrifta er truleg «norgesmeistrar» når det kjem til fôrflåter i betong. Erlend Haugsbø ser nytt vekstområde.
Erlend Haugsbø har nyleg teke over som konsernsjef i Ulstein Betongindustri, etter at mangeårig leiar Harald Sætre har gått over i ny rolle.
Ålesundaren tek over ei verksemd i vekst – og Haugsbø har trua på at dei kan vekse meir.
– Det er lagt eit veldig godt grunnlag før eg kom hit, og samtidig meiner eg det er potensiale til å bli mykje større, seier han til Nett No.
Rekordhøge inntekter i fjor
I fjor omsette konsernet for kring 220 millionar kroner – som er ny rekord. Marginane er knappare enn før, men Haugsbø fortel at dei likevel enda på plussida samla sett.
– Til å vere såpass tungt inne i byggenæringa som vi er, så meiner eg vi skal seie oss nøgd alt i alt, er Haugsbø si oppsummering av fjoråret.
Om dei kjem i mål med den budsjetterte veksten, meiner han det ligg an til eit nytt godt år i 2024.
– Vi har alle folk i arbeid og er samtidig ute og søker etter folk. Flinke betongarbeidarar kan vi tilsette på dagen, legg han til.
Til saman har dei seks dotterselskapa i konsernet no kring 80 tilsette. I tillegg er det gjerne eit 20-tals personar innleigd.
Stor vekst på flåtar til oppdrett
Inntektene er om lag dobla dei siste ti åra for verksemda som retter seg både mot byggenæringa på land og marine marknaden.
Ein stor del av veksten har kome i den sistnemnte segment – og spesielt fôrflåter til oppdrettsbransjen har vorte ein suksess.
– Eg er temmeleg sikker på at vi har levert flest fôrflåter i betong her til lands. No held vi på med bygg nummer 188, og av desse har drygt 120 vore slike flåtar, seier Haugsbø.
Dei fleste skal nyttast av dei store oppdrettsselskapa. Da Nett No er på besøk ligg det fleire store flåtar på rad under bygging. Éin skal leverast om få dagar.
Trur på vekst i flytande installasjonar
Dei siste åra har også andre typar flytande installasjonar vorte meir etterspurt. Det kan vere alt frå ladestasjonar og bunkersanlegg, til sjøfrontar med promenadar.
Haugsbø fortel at dei har vore spurt om mange «spenstige prosjekt» og er spent på utviklinga. I teorien kan ein til eksempel legge heile kvartal på sjøen – der ein kan ha rom både over og under vatn.
– Eg trur at det vil vere marknad for fleire slike løysingar framover. Ein kan også etablere alt frå restaurantar til hotell på ein mobil eining. Då kan ein vere nokre månader på ein plass når det er kundegrunnlag for det, og flytte seg til andre plassar til andre tider av året, fortel han.
Flytande fiskerikaier er eit anna segment der dei opplever betydeleg interesse.
– Vi kjem til å bli meir synlege på det området framover, fortel han.
Les også
Betong-konkurrentar legg ned
Det er fleire ting som gjer at det kan ligge til rette for ny vekst for betongverksemda til Ulstein-bedrifta framover, ettersom Unicon legg ned sine betongstasjonar både i Ørsta og på Stette.
– Vi håpar at vi kan auke marknadsandelar i Ørsta og Volda, men det er fleire som har lyst til det, så får vi sjå, seier Haugsbø.
Den næraste ferdigbetongleverandøren elles, held til på Nordfjordeid.
– Det blir også spennande å sjå kva som skjer i byggebransjen om renta blir sett ned utover året, og kanskje fleire private får lyst til å investere igjen, seier han.
Investert i pumpebil til ni millionar
Haugsbø fortel om den faglege utviklinga i bransjen.
– Sementen som bidreg til størst utslepp i betongproduksjonen, er mykje meir miljøvennleg i dag, enn for berre 10-15 år sidan. I tillegg kan ein kjøpe sokalla miljøbetong, seier han.
Ei anna miljøforbetring i verksemda, er innkjøpet av ein hybrid diesel-elektrisk pumpebil til heile ni millionar kroner, som kan gå på elektrisk drift på byggeplassen. Doningen har ei rekkevidde på nær 50 meter – som truleg er lengst i regionen.
Haugsbø legg til at flytande betongkonstruksjonar også kjem godt ut på livsløpsanalysar, om ein samanliknar med skip og installasjonar bygd i stål – som treng langt meir vedlikehald.
Slutta etter ueinigheit om retningsval
Haugsbø som inntil i fjor leia Hyperthermics i Ulsteinvik, fortel at han fekk auga opp for betongverksemda under eit tidlegare besøk ved anlegget på Haddal.
Årsaka til at han slutta i den tidlegare jobben var ueinigheit om retningsval for selskapet.
– Det låg ikkje noko dramatikk i det, og eg ønsker selskapet alt godt vidare, seier han.
Publisert: 12.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 12.04.2024 00:38