Ronja Azul innfelt roger halsebakk foto sølvtrans ogne 11
KLAR FOR FEIRING: Roger Halsebakk (innfelt) og resten av Sølvtrans-reiarlaget ber inn til dåp og ope skip på Sandsøya på laurdag. Agnes Hofseth er gudmor for den nye brønnbåten. Foto: Sølvtrans/Ogne Øyehaug
Nytt

Dåp og ope skip på heimebane

Feirar ny brønnbåt på Sandsøya. No skal Sølvtrans sine båtar også proviantere hos den lokale daglegvaren.

Marius Rosbach
07.07.2022

Førstkomande laurdag inviterer Sølvtrans til dåp av sin nyaste brønnbåt Ronja Azul ved kommunekaia i Sandsøya.

Alle som ønsker er velkomne til å delta både på seremonien og kome om bord i fartøyet etterpå.

Etter dåpsfeiringa skal brønnbåten rett i oppdrag for Hofseth Aqua og blir difor mykje å sjå rundt i fjordane på Sunnmøre i tida som kjem.

Har investert i reiseliv på øya
Sølvtrans-eigar Roger Halsebakk kjem sjølv frå Sandsøya, og det er ikkje tilfeldig at feiringa blir lagt hit.

Reiaren er engasjert i utviklinga av lokalsamfunnet og har mellom anna investert eit tresifra millionbeløp i overnattings- og serveringsstaden Rosenlund. Staden blir drifta av Anja Halsebakk, som er dotter til brønnbåtreiaren.

Etter seremonien samlast representantar frå reiarlag, verft og leverandørar til middag på Rosenlund, saman med inviterte gjestar.

Avtale med nærbutikken
Halsebakk er også oppteken av korleis det går med andre bedrifter på heimplassen. Difor har dei inngått ein avtale med den lokale Coop-butikken på Sandsøy om proviantering.

– Det er ein betydeleg mengde båtar som no kan legge til her og proviantere. Det bidreg til at dei halde fram drifta på øya, fortel kommunikasjonsansvarleg Harald Tom Nesvik i Sølvtrans til NETT NO.

Når reiarlaget er ferdig med nybyggingsprogrammet på 20 nye båtar – vil flåten totalt vere på om lag 55 båtar.

(saka held fram under)

Ronja azur innredning foto aas mek verksted 11
MYKJE LOKALT: Norwegian Marine Interior frå Molde har gjort innreiingsjobben på Ronja Azul. Om bord er det også utstyr frå lokale bedrifter som Brunvoll, Nogva Motorfabrikk og MMC First Process. Foto: Aas Mek Versted

Nummer to av sju frå Aas Mek
Ronja Azul er bygd ved Aas Mek Verkstad og om bord er det betydeleg med leveransar frå bedrifter i regionen.

Brønnbåten er nummer to i ein serie på sju båtar Vestnes-verftet skal bygge for Ålesund-reiarlaget. Den har ein lastekapasitet på 3000 kubikkmeter fordelt på to tankar. Vitale mål er knappe 77 meters lengde og 17,8 meter breidde.

Reiarlaget har i ei årrekke hatt eit nært samarbeid om utvikling og bygging av båtar på Aas Mek - og har vore ein solid bidragsyter til at verftet kunne levere nok eit rekordresultat i 2021. Brønnbåten som no blir overlevert til Søvtrans er nummer 34 frå verftet over ei periode på 25 år.

Publisert: 07.07.2022 12:31

Sist oppdatert: 07.07.2022 21:20

Mer om