Fredrik remøy rem offshore foto marius 11
NYTT KNALLÅR: Rem Offshore-sjef Fredrik Remøy leiar eit reiarlag i medvind. Her er han avbilda på Green Yard Kleven, der Herøy-reiarlaget snart har eit nytt vindskip ferdigbygd. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt knallresultat frå Rem

Reiarlaget fossa fram i fjor med auka omsetning og god lønnsemd. No står fleire refinansieringar for tur.

Marius Rosbach
28.09.2021

Rem Offshore-konsernet fekk for alvor sving på drifta i 2019, og leverte det året ein driftsmargin på heile 31 prosent.

– Vi er trygge på at vi skal gjere det betre enn dei fleste andre i marknaden, sa reiarsjef Fredrik Remøy den gong – og han har sine ord i behald.

2020-resultatet er ikkje fullt så godt som året før, men det er ikkje langt unna.

Auka inntekter og solid lønnsemd
Inntektene auka med 90 millionar til 597 millionar kroner (sjå tabell under). Driftsresultatet på 139 millionar, er litt lågare enn året før.

Det gir likevel ein driftsmargin på 23 prosent – som er eit resultat andre reiarlag i bransjen kan sjå langt etter.

(saka held fram under)

Rem Offshore AS (konsern)

Årsresultat (i mill kr)

2020

2019

Driftsinntekter

587

497

Driftsresultat

139

155

Res. før skatt

32

52

Får snart nytt vindskip
Ved utgangen av 2020 hadde Rem Offshore 11 skip i flåten – sju PSV-ar, to subseaskip og to seismikkskip. Mesteparten av inntektene på PSV-ane kom i fjor frå britisk sektor i Nordsjøen, medan subseaskipa henta inntektene i Mexicogolfen og Europa.

Snart får reiarlaget levert sit nyaste tilskott – Rem Energy frå Kleven-verftet. Det skjer etter planen i november. Vindskipet skal inn i langtidskontrakt med Siemens på minst fem år.

Rem tinga også nyleg minst to nye spesialskip frå Vard, for den same marknaden.

Treng å halde inntektene oppe
Leiinga påpeiker i årsrapporten at selskapet er avhengig av å halde innteninga og kostnadsnivå på same nivå for å betene forpliktingane sine.

Samla renteberande gjeld var ved utløpet av 2020 bokført med knappe 1,8 milliardar kroner. Skipa var bokført med ein verdi på drygt to milliardar, og ein eigenkapital på 545 millionar.

Reiarlaget er ifølgje årsrapporten i gong med refinansiering i fleire dotterselskap – og fleire er fullført tidlegare i år.

Jobbar med refinansiering
Rem PSV AS har avhengig av å få på plass ei refinansiering av gjelda før utløpet av første kvartal neste år. Selskapet blei tidlegare i år samde med långjevarane om ein eittårsavtale, som ga moglegheita til å halde fram dialogen om ein ny og meir langsiktig avtale.

Også i Rem Subsea AS blir det jobba med refinansiering, der reiarlaget har eit «term sheet» - eller avtaleforslag frå banken som betyr å flytte forfall av gjelda til 2024.

Leiinga påpeikar i årsrapporten at det er fare for brot på låneavtalen for selskapet Rem Nor AS, som eig to PSV-ar. Her er dei avhengige av justerte vilkår og anna struktur på avdraga for å sikre framleis drift.

Påverker ikkje konsernet
Rem Offshore-leiinga legg samtidig til at Rem Offshore AS, ikkje har gitt nokon garantiar på vegner av desse selskapa.

– Usikkerheit rundt desse selskapas evne til framleis drift, har såleis ikkje betydning for vurdering av framleis drift for Rem Offshore AS og Rem Offshore konsern, heiter det i årsrapporten.

Har unngått koronastopp for skipa
Både i fjor og så langt i 2021 har koronapandemien gitt utfordringar og ekstrakostnader, men reiarlaget har klart å unngå at det gjekk utover operasjonane.

Mannskapsskifte likevel vore utfordrande, og fleire har i periodar vore nøydd til å stå i arbeid lengre enn normalt.

Reiarlaget hadde nær 400 tilsette i arbeid i fjor – 22 fleire enn året før. 378 av desse var seglande, medan 21 jobba på land i Fosnavåg og Varna i Bulgaria.

Publisert: 28.09.2021 06:58

Sist oppdatert: 28.09.2021 09:07

Mer om