Vil satse 15 millionar årleg på eksportbedriftene
– Eg trur ikkje alle forstår at vi i Møre og Romsdal kvar dag deltar i eit verdsmeisterskap, seier næringssjefen i fylket.
Fylkeskommunedirektøren foreslår å sette av 15 millionar årleg for å støtte eksportnæringane i Møre og Romsdal.
Saka skal opp til behandling i fylkesutvalet tysdag, og til endeleg behandling i fylkestinget i starten av desember.
Største satsing nokon gong
Gjennom programmet Skaparkraft 2022-2032 blir det føreslått at fylkeskommunen skal bidra til omstilling og auka eksport gjennom fire delprogram.
Aldri før har fylkeskommunen lagt opp til ei så stor og tung satsing som med programmet Skaparkraft.
– Eksportnæringane i Møre og Romsdal må gjennom ei omstilling. Det må leggast til rette for at bedriftene investerer i grøne, berekraftige løysingar og produkt som kan kommersialiserast globalt, heiter det om formålet.
Sjå sakene i fylkesutvalet måndag og tysdag - og følg møtet direkte frå måndag kl. 10.30
Omstilling i fleire næringar
Møre og Romsdal er eit av dei viktigaste industrifylka i Noreg og har landets mest eksportretta næringsliv.
– Eg trur ikkje alle forstår at vi i Møre og Romsdal kvar dag deltar i eit verdsmeisterskap, seier næringssjef Hilde Aspås i Møre og Romsdal i ei melding på fylkeskommunen si heimeside.
Ho fortel at programmet skal programmet tar opp i seg omstilling i fleire næringar samtidig.
Dette er Skaparkraft 2022-2032
Skaparkraft legg opp til fire delprogram. For 2022 prioriterast følgande tiltak.
- Grøne industrielle løft
- Teknologi, utstyrs- og skipsleveransar til fiskeri, havvind, havbruk, transport etc.
- Auka foredling og ny næring av råstoff frå havet
- Auka foredling og ny næring av råstoff frå landbruket
- Smart teknologi
- Utvikle digitale verktøy og infrastruktur til bruk i forretningsutvikling og -oppskalering
- Nye forretningsmodellar basert på digitale verktøy for auka marknadstilgang
- Gjennomføre prosjektverksted med næringsliv, kommunar, akademia og virkemiddelapparatet for utvikling av FoUi-prosjekt
- Kompetanse i- og for næringslivet
- Kunnskapsinnhenting – innhente kompetansebehov i næringslivet
- Utarbeide kompetansestrategi
- Energi
- Kartlegge og stimulere til fornybar energiproduksjon og -bruk (hydrogen, sol, vind, biogass)
- Utarbeide strategisk plan for ladepunkt og energistasjonar i Møre og Romsdal
Kjelde: mrfylke.no
Publisert: 22.11.2021 08:33
Sist oppdatert: 22.11.2021 08:52