Prodtex montasje åfjord bru frakta montering foto prodtex 11
FRAKTA PÅ LEKTER: Gangbrua som skal opnast i Åfjorden neste veke blei frakta frå Fiskåholmen på lekter i tre lengder på 22 meter. Foto: Prodtex
Nytt

Opnar første Prodtex-brua

Brubyggarane håpar å signere ny kontrakt same dag som samferdsleministeren opnar pilotprosjekt.

Marius Rosbach
25.01.2022

Neste veke ligg an til å bli ei sjeldan god veke for Prodtex. Onsdag opnar samferdsleministeren den første brua selskapet har bygd på Fiskåholmen i Vanylven.

Same dag kan selskapet signere kontrakt på si tredje bru – om ikkje noko uføresett dukkar opp. Statens vegvesen har allereie gjort kjent at dei ønsker ståldekke frå Prodtex Industrier til Elverhøybrua i Sunndal.

Opning med samferdsleministeren
Før Prodtex kan «kassere inn» den kontrakta, må dei vente på ein klagefrist på ti dagar, slik reglane er ved FOU-prosjekt i offentleg regi.

– Den går ut før den 3. februar, når samferdsleminister Jon-Ivar Nygård opnar gangbrua i Åfjord. Om alt går etter planen, signerer vi ny kontrakt samtidig, fortel Tore Roppen, som er direktør for forretningsutvikling i selskapet.

Den nye brua i Sunndal skal gå over Driva-elva på riksveg 70. Målet er anleggsstart seint i haust og ferdigstilling av prosjektet i løpet av 2023.

Elverhøybrua prodtex illustrasjon statens vegvesen 11
KAN FÅ KONTRAKT NUMMER 3: Om alt går etter planen kan Prodtex signere kontrakt på bru nummer tre i neste veke. Det er snakk om ei ny bilbru på riksveg 70 i Sunndal. Illustrasjon: Statens vegvesen

Frakta i delar på 22 meter
Prodtex starta i fjor opp produksjonen av bruelement på Fiskåholmen i Vanylven. Gangbrua i Trøndelag som opnar neste veka, er den første som er laga ved industrihallen.

Roppen fortel at brua blei frakta med ein lekter til byggestaden i tre lengder på 22 meter.

Det er knytt stor spenning til kva for innsparingar det er mogleg å gjere med metoden. Prodtex er involvert i forarbeida til store fjordkryssingsprosjekt på E39, men førebels er det eit stykke arbeid som står att før selskapet kan konkurrere om dei verkeleg store prosjekta.

Sjå video frå Fiskåholmen:

(saka held fram under)

Prodtex Tore Roppen Sigbjørn Nordstrand 11
LEIARDUO: Tore Roppen (t.v.) som er leiar for forretningsutvikling i Prodtex, saman med dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand. Bak er dei første metrane av det som no er blitt ei gangbru i Trøndelag. Foto: Marius Rosbach

Sett i gong bygging av bru nr. to
No har Prodtex også sett i gong å bygge bru nummer to for Statens vegvesen på Fiskåholmen. 50 meter lange Ya bru på riksvei 3 i Østerdalen, blir den første Prodtex-brua for bilbruk.

– Eg har akkurat vore i verkstaden og sett bygginga bli starta opp, fortel Roppe da NETT No snakka med han måndag.

Også denne brua blir bygd i element, som seinare skal settast saman på byggestaden ved Tynset.

Ya bru prodtex illustrasjon Statens vegvesen 11
FØRSTE BILBRU: Ya bru på riksvei 3 i Østerdalen, blir den første Prodtex-brua for bilbruk.

Publisert: 25.01.2022 05:35

Sist oppdatert: 03.02.2022 15:00

Mer om