Eva vinje aurdal 11
Nytt

– Pandemien er ikkje over

Ingen lokal forskrift, men Ålesund kommune er i dialog med utelivsbransjen.

Marius Rosbach
30.07.2021

Ålesund kommune kalla inn til pressekonferanse fredag klokka 13.

Sjå pressekonferansen på NRK her (ekstern lenke).

Der opplyste ordførar Eva Vinje Aurdal at kommunen ikkje innfører nokon ny lokal forskrift i denne omgang.

– Vi ser at det er grunn til å rope ut eit varsko til innbyggjarane våre, om at denne pandemien ikkje er over, sa Aurdal.

Dei siste dagene er det meldt om ein rekke nye smitta, og Aurdal understreka at kommunen aldri har hatt fleire smitta enn no. Også i Ørsta og Volda har smitten blomstra opp den siste veka, og spesielt er det mange unge vaksne som er smitta.

Dialog med utelivsbransjen
Ålesund-ordførar var også uroa for auke i smitte i aldersgruppa unge vaksne, og minna om at kvar enkelt har eit ansvar for å følgje smittevernreglane.

Samtidig har kommunen inngått dialog med utelivsbransjen om korleis reglane blir etterlevd.

- Utelivsbransjen og servicebransjen gjer ein god jobb og vi har god dialog. Det er ikkje berre dei som bransje som har eit ansvar men òg kvar enkelt innbyggar. No ser vi oss nøydde til å gi nokre oppmodingar, uttalar konstituert kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen i ei pressemelding.

Volda kommune har meld spisestaden My Kitchen til politiet etter smitteutbrotet der. Tidlegare har Ålesund kommune meldt utestaden Toldboden for det same. Resultatet då blei 75.000 kroner i bot, men selskapet blei etterpå slått konkurs.

Gult nivå i SFO og barnehagar
Tidlegare fredag opplyste Ålesund kommune at dei ville innføre gult nivå i gult nivå i barnehagar og SFO fram til 16. august.

Det blir oppmoda om bruk av munnbind, der ein ikje kan halde meteren. Folk blir også oppmoda om å ha få nærkontaktar og ikkje fleire enn ti gjestar heime.

Les om smittesituasjonen i Ålesund kommune her (ekstern lenke)

Publisert: 30.07.2021 12:53

Sist oppdatert: 30.07.2021 13:58

Mer om