Reiarlaga torer ikkje ta sjansen - vil at staten dekker meir
Milliardar frå Enova til hydrogensatsing blir ståande ubrukt.
(NPK-NTB – Bibiana Piene): Å få skip over på hydrogen er viktig for å få ned klimautsleppa. Men milliardstøtte til satsinga blir ståande ubrukt. Trist, meiner olje- og energiministeren.
I fjor fekk Enova 1,98 milliardar kroner som skulle gå til ulike hydrogenprosjekt i reiarlagsnæringa. I alt fekk ti skip tilsegn om støtte frå Enova for å gå over til hydrogen og ammoniakk som drivstoff.
Men så langt har ikkje støtta ført til ei einaste investeringsavgjerd, opplyste Norwegian Hydrogen-direktør Jens Berge på ein debatt i Arendal tysdag.
For stor risiko
Årsaka er at løyvingane ikkje er store nok, seier han til NTB. For sjølv om Enova dekkjer halvparten av meirkostnadene for ombygginga av skipa, blir rekninga likevel for stor.
– Viss staten hadde teke ein større del av meirkostnaden, ville fleire reiarar vore villige til å betale ekstra for ein båt, seier han.
Tidlegare i sommar sende reiarlaga ut ei åtvaring om at risikoen var for stor til at dei tør å ta investeringsavgjerdene.
Det har igjen ført til at fem selskap som også har fått støtte frå Enova for å etablere produksjon og distribusjon av hydrogen til dei same skipa, har sett etableringane sine på vent.
Aasland: – Synd
Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) seier til NTB at det er synd at dette skjer.
– Vi burde absolutt hatt opp desse prosjekta, seier han, men medgir at han ikkje kjenner alle detaljane i saka.
– Men eg meiner absolutt at viss verkemidla går til prosjekt, og ein legg til rette for det, så må ein jo også forvente at dei private aktørane er med på å realisere prosjekta, seier han.
Aasland kan likevel ikkje love meir støtte for å redusere risikoen.
Noreg med i EUs Hydrogenbank
I Arendal kunngjorde han derimot at Noreg skal bli med i den såkalla Hydrogenbanken som EU har oppretta.
Det betyr at frå no av kan norske aktørar konkurrere om 800 millionar euro i støtte til hydrogenprosjekt.
Bransjen etterspør i tillegg sterkt såkalla differansekontraktar. Slike kontraktar inneber at staten subsidierer prisforskjellen mellom fossilt drivstoff og hydrogen. Sistnemnde er i dag opptil fire gonger dyrare enn bensin og diesel. Subsidiane vil trappast ned etter kvart som prisen på hydrogen og fossilt drivstoff blir jamna ut.
Også Stortinget har bede regjeringa komme med ein plan om å innføre eit system for differansekontraktar for hydrogen i 2023.
Kappløp
Hydrogen er blant dei store tema både i Arendal, Noreg, EU og globalt. I USA blir det satsa fleire titals milliardar dollar på å utvikle nye løysingar, og EU har meldt seg på i kappløpet.
Fram mot 2050 vil hydrogen utgjere ein stadig viktigare del av energimiksen. Det gjeld særleg grønt hydrogen, som har null klimautslepp.
Men mykje må på plass, både når det gjeld lovverk, rammevilkår, marknad og teknologi, vart det påpeika på eit møte mellom bransjen og representantar for europeiske og norske styresmakter i Arendal.
– Noreg har fantastiske moglegheiter. Men vi er ikkje raske nok. Men det gjeld for så vidt heile verda, erkjende næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) på møtet.
(©NPK)
Publisert: 16.08.2023 09:30
Sist oppdatert: 16.08.2023 11:02