Parkly investorer egil giørtz peder stette frode kjølås ingvild vartdal foto H I Giørtz Marius 11
LOKALE EIGARAR: Parkeringsteknologiselskapet Parkly er etablert av - og har eigarar frå Nordvestlandet. Egil Giørtz (t.v.) har vore medeigar frå start, Peder Stette, Frode Håkon Kjølås og Ingvild Vartdal er blant investorane som kom inn på eigarsida i ei kapitalutviding i fjor. Foto: H.I. Giørtz/Marius Rosbach
Nytt

Henta investorane på heimebane

Parkeringsteknologiselskapet Parkly blei verdsett til rundt 70 millionar kroner då investorar frå Nordvestlandet gjekk inn med ny kapital. Les kven som blei med.

13.01.2022

Ideen til Parkly er å bruke kamerateknologi og kunstig intelligens for å registrere og ta betalt for parkering. Målet i første omgang er å vinne innpass hos kundar som dei store etablerte konkurrentane hittil har funne for små.

Teknologiselskapet i Sula har i dag 23 kundar og hadde omlag 10 millionar kroner i driftsinntekter i 2021. Selskapet blei etablert i 2019, og hadde under ein million kroner i driftsinntekter i 2020.

Nye kundar er på veg inn og i år ligg selskapet an til mellom 30 og 40 millionar kroner i driftsinntekter, ifølgje dagleg leiar og medeigar Ola Engvik.

Selskapet har fem tilsette i Ålesund. Engvik sjølv vekependlar til Oslo for å arbeide inn mot marknaden på Austlandet. I tillegg har selskapet eit samarbeid med eit selskap med fem utviklarar i Sri Lanka.

Pir-selskap på eigarsida
Før kapitalutviding som blei gjennomført våren 2021 var Egil og Hans Joakim Giørtz største aksjonærar i Parkly gjennom selskapet HIG Invest. Dei er største eigar også etter kapitalutvidinga.

I tillegg til far og son Giørtz og OIa Engvik, var også Erik Haug Herje, Avento-medgrunnleggar Stian Bang og Steffen Djupvik Brandtzæg medeigarar.

I kapitalutvidinga gjekk Pir V Invest, eit selskap i Pir-nettverket, inn med omlag halvparten av dei 14 millionane Parkly henta inn. Det gav Pir V Invest omlag 10 prosent eigarskap.

Dei andre deltakarane i kapitalutvidinga var Kaj Bang Westre og Leif Arne Langøy- gjennom sine selskap - og Dag Honningsvåg og Olav Sindre Kriken, ifølgje Engvik.

I Pir Invest V er Asbjørn Solevågseide, Peder Stette og Frode Håkon Kjølås dei største eigarane.

Dei tre var partnarar i fiskeindustriutstyrs-selskapet Optimar, og har gjort fleire investeringar saman etter salet av Optimar. Med på eigarsida er også søskena Ingvild, Jan Endre og Sindre Vartdal - som eig Vartdal Plast - advokat Ole-Reinhart Notø, Tore Rødal og Erik Westre.

Valde lokalt
Poenget med kapitalutvidinga var å finansiere rask vekst. Selskapet vurderte fleire alternativ, også å få inn større investorar og meir pengar.

Då ville dei opphavlege eigarane bli kraftig utvatna, samstundes som tyngdepunktet i eigarskapet hadde blitt flytta vekk frå Nordvestlandet.

- Etter dialog med Anja (Anja Solevågseide, leder for Pir Invest og frontfigur i Pir-systemet, red merk) og den gruppen fann vi ut at det var fornuftig å ha sunnmørske investorar, sier Engvik.

Publisert: 13.01.2022 06:00

Sist oppdatert: 02.02.2022 13:27

Mer om