Lene trude solheim foto marius
ÅLESUND: Lene Trude Solheim er fungerande dagleg leiar for Gath, og har stor tru på satsinga som skjer i regi av 'huben' Gath. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Samarbeider for å verte best på havbruksteknologi

Fleire er til dagleg konkurrentar. No skal selskapa samarbeide for å verte verdsleiande innan havbruksteknologi.

03.12.2021

13 selskap har gått saman om å starte opp Global Acuaculture Tech Hub (Gath) med tyngdepunkt på Sunnmøre.

- Fleire er til dagleg konkurrentar, men her ser ein at ein kan nå lenger ved å lære av kvarandre og samarbeide der det er naturleg.

Det seier fungerande dagleg leiar Lene Trude Solheim i Gath til NETT NO.

Er tilretteleggar

Solheim er til dagleg adm. dir. i Næringsforeningen Ålesundregionen.

- Gath vert i stor grad bedriftsstyrt, men vi er tilretteleggar, slik vi har vore for fleire andre prosjekt.

Det var Sølvtrans og MMC First Process som tok det første initiativet.

- Vi har hatt ei havbruksgruppe i Næringsforeningen. Men no var det fleire som meinte at det var viktig at vi tok eit nytt steg, ikkje minst for å styrke bedriftene internasjonalt, seier Solheim.

Fleire vil vere med

Med på laget er no selskap som Patogen, Cflow, Optimar, Rostein, Hofseth Aqua, Artec Aqua, Salmon Evolution, Atlantic Sapphire, Normex og Hyberthermics.

Også selskap som Møreforsking, Norconsult og Atea er med.

- Vi starta med 13. No er vi 15, men det er fleire andre som ønsker å vere med. Det gjeld også internasjonale selskap. Men basen vert uansett Ålesund, seier Solheim.

(saka held fram under)

Peter leon fauske glen bradley Ingegjerd Eidsvik Stig Olav Bjørkedal Irene Mjelde 11
STOR OMSETNING: Representantar frå bedriftene samla ved stiftinga. Petter Leon Fauske (MMC First Process), Glen Bradley (Rostein), Ingegjerd Eidsvik (Artec Aqua) og Irene Mjelde (Optimar) i fremste rekke, representerer alle selskap med milliardomsetning. Stig Olav Bjørkedal (Cflow) i bakre rekke kan bli den neste. Foto: Marius Rosbach
Vi starta med 13. No er vi 15, men det er fleire andre som ønsker å vere med
Lene Trude Solheim

Internasjonal konferanse
No søker Gath etter ein prosjektleiar som blant anna skal bistå Gath og medlemsbedriftene innanfor område som teknologi, berekraft, digitalisering, rekruttering og kompetanseutvikling.

Men ein viktig funksjon vert også å koordinere arbeidet med ein konferanse i september neste år.

- Her satsar vi stort, med internasjonale aktørar, og med ei rekke bedriftsbesøk, seier Lene Trude Solheim.

Auka eksport
Ho viser at fleire av dei regionale aktørane som er med i Gath, er av dei leiande internasjonalt innan sine område.

- Målet er auka eksport og å byggje opp denne regionen som den viktigaste regionen internasjonalt innanfor teknologiutvikling til akvakulturnæringa.

- Havbruksnæringane er i rask vekst, men for å få til meir eksport, trengst det meir samarbeid. Det har aktørane no tatt konsekvensane av.

Solheim seier at i Gath vil små og store aktørar få ein arena til å møtast på tvers av bransjer, og i tillegg kunne samhandle med aktørar innan akademia og offentleg sektor.

- Dette vert ein hub, ein arena for utveksling av tankar og idear.

Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Publisert: 03.12.2021 05:55

Sist oppdatert: 03.12.2021 06:24

Mer om